nyhende
Har oppgradert til oransje farevarsel for Sveio frå torsdag ettermiddag
Frå torsdag ettermiddag til fredag ettermiddag er det venta svært mykje snø i delar av Vestlandet frå Sveio til Sognefjorden. I tillegg er det varsla kraftig vind og snøfokk.
Meteorologisk institutt melder at det lokalt kan koma 20-40 centimeter snø i løpet av 24 timar i eit oppgradert farevarsel.
Mest snø er det venta i ytre og sørlege delar av Hordaland med Sveio som sørlegaste del av det oransje farevarselet. Det er også venta kraftig vind frå nordvest, og det kan derfor bli kraftig snøfokk, særleg i kystnære strøk.
Med så mykje snø og vind vil det bli vanskelege køyreforhold, og straumforsyninga kan bli påverka.
Gult for resten av Vestandet
For resten av Vestlandet er det framleis gult farevarsel som gjeld med 10-25 centimeter på 24 timar.
Det er eit lavtrykk nordvest for Midt-Noreg fører til at kjølege luftmassar kjem fra nordvest og gir påfyll av snøbyger frå havet til Vestlandet.
Dette må du tenka på
Her er Meteorologisk institutt sine råd ved gult og oransje farevarsel:
- Vurder om reisa er nødvendig og berekn ekstra tid til transport og køyring.
- Bruk riktige dekk og køyr etter forholda.
- Følg råd og sjekk status fra transportaktørar.
- Sjekk vegmeldingar (175.no).
- Beskytt sårbare installasjonar og gjenstandar som ikkje tåler den venta snømengda.
- Behov for beredskap skal vurderast fortløpeade av beredskapsaktørar.
- Det kan vera generelt vanskelege køyreforhold.
- Sårbar infrastruktur kan bli ramma som følge av snøtyngda, og mange reiser vil kunna få lenger reisetid.
- Snøfokk gir redusert sikt og mogelegheit for kolonnekøyring eller stengte vegar.