nyhende
Har nominert over 1000 naturopplevingar dei er redde for å miste
WWF, DNT ogNorsk Friluftslivinviterte tidlegare i vår heile Noreg til å nominere naturopplevingar dei fryktar er i ferd med å forsvinne. På ein knapp månad har det allereie komme inn over tusen forslag frå alle fylka i landet.
Det har komme inn nominasjonar om trua naturopplevingar frå alle delar av landet. Alt frå den norske fjellheimen, klar stjernehimmel, utsikt utan infrastruktur og snørike vintrar, til det vesle skogholtet nært heimen, tiurleik, yrande dyreliv og stilla i naturen, skriv Norsk Friluftsliv.
Opplevingane som blir samla inn skal setjast saman til ei «raudliste for trua naturopplevingar», inspirert av den velkjende raudlista for trua artar. Forslaga vil bli sorterte og vurderte av ein uavhengig jury, med fagleg tyngd og stort engasjement for natur og friluftsliv.
Dersom du har ei naturoppleving du er redd for å miste, kan du framleis gjere det på verdtåbevare.no. Fristen er 30. april.
Lista til juryen over ti utvalde trua naturopplevingar blir presentert i byrjinga av juni. Då blir det også opna for at folk kan stemme på den av dei ti opplevingane dei er aller mest glad i. Deretter skal organisasjonane bak raudlista jobbe fram tiltak som bidreg til å bevare naturopplevingane og presentere både opplevingar og tiltak for politikarane med krav om å gjere meir for å vareta naturen vår.