nyhende
— Har nokon sove i timen?
Vidar Høyland lurer på kvifor det ikkje er bygd sykkel- og gangveg i samband med utbetringa av strekninga Solheim til Bårvågsvatnet på E 39 nord i Sveio.
— Me kunne vore eit lang steg nærare trygg veg for mjuke trafikantar frå Valevåg til bygrensa til Haugesund med sykkel- og gangveg her. Det er vel og bra med betre og tryggare europaveg, men slik eg ser det er veglys og fine graskantar feil prioritering i eit slikt millionprosjekt. Her burde trygg ferdsel for gåande og syklande vore prioritert i staden, seier Høyland til Vestavind.
Han stiller spørsmålet om nokon har sove i timen når utbetringa var på teiknebrettet. Til dømes kommunen.
Grønt gras lokkar hjorten
Ei anna utfordring han ser, er at dei nysådde kantane vil trekka til seg hjort når graset kjem.
— Denne delen av Sveio har den største bestanden av hjort. Og som bøndene veit, trekker hjorten til det ferskaste og finaste graset. Veglys og breiare veg er ikkje mykje til hjelp om hjorten blir skremt og endar i frontruta til ein bilist. Eg er redd talet på viltpåkøyrsel vil auka i dette området, seier Høyland.
— Kva tiltak kan gjerast for å unngå dette? Skilt? Viltgjerder?
— Gjerder er nok ikkje løysinga. Det vil hindra ferdselen til hjorten. Skilt er bra som ei påminning, men ikkje meir enn det. Stamma nord i Sveio er veksande, og eg meiner beste tiltak er forvaltning. Her har kommunen mogelegheit til å halda betre kontroll på bestanden ved auka uttak og kva dyr som skal fellast. Det er opna for kvotefri jakt på hjortekalv i heile landet, og det burde Sveio kommune nytta seg av, meiner Høyland.
Du finn lesarinnlegget til Vidar Høyland her.
Har ikkje sove i timen
Ordførar Linn Therese Erve (Ap) skulle også gjerne sett at det kom sykkel- og gangveg i samband utbetringa.
— Eg forstår at folk reagerer når det tilsynelatande hadde vore enkelt å laga sykkel- og gangveg i samband med vegutbetringa, men kommune har ikkje sove i timen. Statens vegvesen la ikkje opp til høyringsrunde eller innspel, og det var tydeleg at dette var eit prosjekt som skulle gjennomførast raskt. Når det er sagt, er trygg ferdsel for mjuke trafikantar med sykkel- og gangvegar i heile kommunen eit fokusområde både for politikarane og adminstrasjonen, seier Erve.
Ordføraren noterer seg Høyland si uro for fleire viltpåkøyrlser.
— Innspelet om å sjå på forvaltning som eit verkemiddel er noko me vil ta med oss og sjå på vidare, seier Erve.
Strakstiltak
Det 2,8 kilometer lange vegprosjektet, som har kosta 50 millionar totalt, er ein del av ei landsomfattande satsing på trafikktryggleik på eksisterande riksvegar i heile Noreg.
— Midlane som er løyvde er øyremerka trafikksikringprosjekt, og sykkel- og gangveg er ikkje ein del av dette prosjektet. Her er det utviding av vegen og forsterka midt- og kantoppmerking med rumlefelt både i midten og mot køyrebanekantane som er prioritert. Dette har vist seg å vera eit veldig godt trafikksikringstiltak, seier Knut Stian Rimmereid, byggeleiar for Statens vegvesen.
— Har kommunen sove i timen?
— Kommunen har som alle andre mogelegheit til å koma med ønske og innspel, og dei kan legga dette inn i overordna planlegging. Strekninga som er utbetra no, var eit strakstiltak der det ikkje var aktuelt å venta på kommunal behandling som til dømes endring av reguleringsplanar, seier Rimmereid.
God oversikt
— Høyland er bekymra for fleire viltpåkøyrsler som følge av at hjorten vil trekka til nytt og godt gras langs strekninga. Er det aktuelt å gjera tiltak rundt dette?
— Hjort er eit problem mange stadar langs E 39. Me har skoga godt ut frå vegbana, og med veglys i tillegg får ein god oversikt. Det er ikkje aktuelt å gjera andre tiltak på denne strekninga, seier Rimmereid,
At det begynner å bli grønt allereie no, er fordi det blir sådd med ein gong for å halda på jordmassane.
— Alternativet er å la naturen gå sin gang, men det vil ta lang tid. No vil den naturlege vegetasjonen ta over etter kvart, og då blir skråningane mindre attraktive for hjorten, seier Rimmereid.