nyhende

Har nok smittevernutstyr på lager

Det var berre få dagar om å gjera at Helse Fonna gjekk tomme for smittevernutstyr då koronapandemien braut ut. No er det nok for både neste bølgje, og fleire bølgjer, og lageret er i ferd med å gå tom for plass.

Publisert Sist oppdatert

– Ja, her er meir enn nok, og vi byrjar å få dårleg med plass. Og det etter at me har utvida kapasiteten fleire gonger, fortel seksjonsleiar Geir Charles Grindheim i Helse Fonna, og viser fram beredskapslageret på over 500 kvadratmeter, ein stad på Haugalandet.

Han ramsar opp innhald, som er alt ifrå munnbind, hanskar, frakkar og visir, til handsåpe og Antibac. Grindheim anslår verdien på utstyret til rundt sju millionar kroner – med utgangspunkt i avtaleprisar.

– I mine 40 år i denne bransjen har eg delt ut nokre få tiltal vernebriller. Nyleg sende eg ein palle til Odda sjukehus, så då reknar eg med at dei har til år 3000, seier ein spøkefull Grindheim.

Sjølv om lageret no er fullt, har det vore langtfrå berre spøk. Det har vore mykje hardt arbeid, og ein god del frustrasjon. Men samstundes svært lærerikt, skriv Helse Fonna i ei pressemelding

Godt samarbeid

– I starten var det kritisk på enkelte artiklar. Då var det jobbing 24/7 for å sikra at me fekk nok utstyr. Då måtte eg bruka heile nettverket mitt, og vel så det, fortel Grindheim.

Direktør for internservice i Helse Fonna, Leif Terje Alvestad, kan ikkje få rosa gjengen på lageret nok. Det var mykje armar og bein, og mange utfordringar som måtte takast på sparket.

– Hadde me fått italienske eller spanske tilstandar her i Norge, ville me hatt for lite smittevernutstyr. Marginane var små. Men heldigvis gjekk det ikkje så gale, fortel Alvestad.

I den mest hektiske fasen er det godt at det er etablert gode rutinar og samarbeid med andre, som til dømes helseføretak og kommunar, som hjelpte kvarandre ved behov. Slik som då Helse Fonna søndag 29. mars sende ein av sine tilsette på lageret til Arsvågen ferjekai. Der kom det ein frå Helse Stavanger og henta andedrettsvern, som dei var i ferd med å gå tomme for i Stavanger.

Brå start i ny jobb

No kjem det inn 30-40 pallar per veke, frå nasjonalt beredskapslager på Gardermoen, via Helse Vest sitt lager i Bergen. Snart har ikkje Helse Fonna kapasitet til å ta imot meir. Helse Vest held på å inngå ein avtale, som gjer at utstyret kan lagrast i Bergen, i staden for at alt må ut til kommunar og helseføretak.

Funksjonsleiar Roger Lind starta i ny jobb på sentrallageret i vinter, og vart fungerande funksjonsleiar frå 1. mai. Han vart kasta inn i det på det mest hektiske, og har knapt nok opplevd «ein normal dag» på jobb. For gjengen på lageret må fint berre stilla opp når varene kjem, uansett kva dag eller kva tid på døgeret det er.

Ekstrem situasjon

For å illustrera kor ekstrem mangelen på smittevernutstyr var tidlegare i vår: Innkjøpsprisen på eitt enkelt visir for Helse Fonna er 14,50 kroner. I den mest hektiske fasen fekk Geir Charles Grindheim & Co. «tilbod» om visir til 276 kroner per stykk. Det var på ei tid der heile verda hadde mangel på det same utstyret. Gjengen på lageret forsikrar om at det dei har no oppfyller alle krav.

– Alt utstyret som kjem inn til Norge blir undersøkt, testa og kvalitetssikra av Forsvarets Forskningsinstitutt (FFI), før det blir fordelt utover landet forsikrar Grindheim.

Powered by Labrador CMS