nyhende
Har kontroll på koronautbrotet
Frå tysdag til sundag sist veke, avdekka smitteoppsporing 16 tilfelle av koronasmitte i Sveio. Flesteparten av dei smitta har ingen til lette symptom, men ein vaksen person er innlagt på Haugesund sjukehus.
Dei siste prøvane vart tekne og sende til Haukeland for analyse måndag føremiddag. Tysdag kveld kom svaret kommunen helst ville ha: ingen fleire er smitta.
Dei smitta er i isolasjon, og blir i isolasjon til dei er friske. Nærkontaktar er sett i karantene i 10 dagar. Dei blir testa to gonger. Er testane negative, kan karantenetida bli korta ned. I helse og omsorg reknar ein med at ein del av dei som er i karantene vil koma tilbake på jobb denne veka.
11 tilfelle på to dagar
Sveio-utbrotet starta tysdag kveld sist veke. Smittevernlege Ståle Andreassen får varsel om at ein vaksen person har testa positivt på covid-19. Det blir umiddelbart sett i verk smittesporing av nærkontaktar. Torsdagen blir det stadfesta at eit familiemedlem til det første tilfellet også er smitta.
Fredagen melder Sveio kommune om ni nye smittetilfelle, og det er klart at ein har eit større lokalt koronautbrot å handtera. Blant dei ni siste smitta, er tre av dei fire tilsette i helse og omsorgsektoren som allereie er i karantene etter det første smittetilfellet.
Det fører til at ytterlegare eit 20-tal tilsette i helse og omsorg må i karantene. Ved Sveio omsorgssenter og kommunen sine butiltak innfører ein besøksrestriksjonar på ubestemt tid for å hindra smittespreiing.
Fem nye tilfelle sundag
Samstundes er det eit koronautbrot i Haugesund. Under smitteoppsporinga blir det funne ein link til Sveio-utbrotet. Ein av dei som var smitta i Sveio har nær relasjon til dei som er smitta i Haugesund. Ein person frå Askøy som hadde vore på besøk hos dei smitta i Haugesund, får også påvist smitte.
Sundagen blir ytterlegare fem smittetilfelle stadfesta, og ein er kome opp i totalt 16 koronasmitta. Alle dei smitta er i familie eller har nære relasjonar til familien.
Måndag føremiddag seier smittevernlege Ståle Andreassen dette til Vestavind:
Smitta i Haugesund
– Me er i mål med tidlegare testar i smitteoppsporinga. Sidan alle dei siste fem tilfella sundag har samanheng med dei tidlegare smittetilfella i Sveio, var det ikkje så mange nye nærkontaktar å testa. Dei siste prøvane vart teke tidlegare i dag og er sende til Haukeland. Me reknar med å få svar i løpet av tysdagen.
– Har ein klart å spora smitten til utbrotet i Sveio?
– Me reknar det som avklart at smitten kjem frå utbrotet i Haugesund, knytt til personen som hadde vore på utanlandsreise, seier Andreassen.
Kan bli nye utbrot
Andreassen ser ikkje vekk frå at det kan oppstå nye lokale utbrot.
– Det seier seg sjølv at auka reiseaktivitet, både innanlands og utanlands, gjev auka risiko for nye utbrot. Å følgja smitteverntiltaka er like viktige no som 12. mars, seier smittevernlegen.
Han rosar innsatsen til smittesporingsteamet, som er eit kommunalt samarbeid mellom Sveio og Tysvær med personell frå begge kommunane.
– Sporingsteamet var på plass på kontoret og i sving kort tid etter første meldinga kom. Dei har stått på nærast til alle døgnets tider sidan. Utan denne beredskapen hadde me fått ei forseinka smitteoppsporing, noko som igjen gjev risiko for større smittespreiing. Me har ikkje rekna på det, men smittesporingsteamet i Haugesund har tidlegare sagt at smitteoppsporing for eitt tilfelle kan kreva opp mot 20 timars arbeid, seier Andreassen.
– Har oversikt og kontroll
Tysdag seier ordførar Linn Therese Erve til Vestavind at ein har kontroll på koronautbrotet.
– Det var ikkje uventa at me kunne få fleire smittetilfelle i Sveio. 16 smitta i eitt koronautbrot er likevel alvorleg. Det er dyktige folk som jobbar ned dette, og kommunen har god oversikt og kontroll på situasjonen. At så mange tilsette i helse og omsorg er berørt, er ei utfordring, men me har planar og rutiner for pandemi som har fungert som dei skal, seier Erve.
Ordføraren kjem med ei innstendig oppfordring til alle innbyggjarane i Sveio:
– Følg dei generelle smitteverntiltaka! Hald avstand, vask hendene ofte og ha gode nyse- og hosterutinar. Og hald deg heim om du ikkje er frisk.