nyhende
No kjem skattetrekksmeldinga (skattekort) for 2021:
– Har kanskje aldri vore viktigare å sjekka
No kan du sjekke og eventuelt endre kva du skal betale i skatt for 2021. I år kan det vera spesielt viktig å sjekk at opplysningane stemmer.
Kvart år i desember sender Skatteetaten deg ei skattetrekksmelding. Den viser deira berekning av inntekter og frådrag, og kva skattetrekket ditt blir det kommande inntektsåret. Som følgje av pandemien vil det for mange vera ekstra viktig å sjekka at opplysningane er korrekte.
– Rett skattetrekk er basert på eit anslag over kva du kjem til å tene kommande år. Privatøkonomien for mange av oss kan ha endra seg i løpet av året, så det er derfor ekstra viktig å sjå gjennom dei berekningane Skatteetaten har gjort dette året, seier Marta Johanne Gjengedal, divisjonsdirektør i Skatteetaten i ei pressemelding.
Livsendringar påverkar skatten
Skatteetaten veit mykje om dine økonomiske forhold, men ikkje alt. Alt som påverkar privatøkonomien din, vil også kunne påverke skattetrekket ditt. Fleire har dessverre opplevd permittering og inntektstap som følgje av koronapandemien. Mange har ikkje lenger frådrag for reiseutgifter på grunn av heimekontor. Andre har tatt opp bustadlån og dei fleste har fått lågare rente på bustadlånet sitt. Nokon har kanskje blitt eineforsørgjar, pensjonist, eller sambuar med kjærasten sin.
– Alt dette er hendingar som kan ha innverknad på skattetrekket ditt, og det er derfor lurt å sjekka opplysningane i skattetrekksmeldinga og eventuelt endre skattekortet. Det har kanskje aldri vore viktigare å sjekka at opplysningane stemmer slik at du i løpet av neste år ikkje betalar for mykje eller for lite skatt, seier Gjengedal.
Enkelt å endra
Må du endra skattekortet? Det einaste du treng å gjera er å logga deg inn på skatteetaten.no og korrigere tala. Endrar du opplysningar, vil du med ein gong sjå korleis dette påverkar skattetrekket ditt.
– Du treng ikkje gjera noko etter at du har sendt inn endringane. Me fiksar eit nytt skattekort til deg, og arbeidsgivaren, NAV og andre hentar dette direkte frå Skatteetaten. Du kan når som helst i løpet av 2021 endre og få eit nytt skattekort, seier Gjengedal.
Frikort
Dersom du ikkje tener meir enn 60 000 kroner i 2021, skal det ikkje trekkast skatt og du kan bestille frikort. Hadde du frikort i fjor, treng du ikkje bestille nytt no. For å unngå restskatt blir det anbefalt å bestilla skattekort viss det er sannsynleg at du kjem til å tene meir enn 60 000 kroner i 2021.