nyhende
Har frigitt namnet til den drepne
Det var Kjetil Andre Østhus (28) fra Karmøy som vart drepen natt til 1. januar i Haugesund.
Det melder Sør-Vest politidistrikt i ei pressemelding måndag ettermiddag.
Livet sto ikkje til å redde
Politiet fekk melding om at ein mann var knivstukken utandørs i Presthaugvegen i Haugesund klokken 01.28 natt til 1. januar. Politiet og ambulanse var raskt på staden. Det vart gjort livreddande førstehjelp, men livet sto dessverre ikkje til å redde. Østhus ble erklært død rundt klokken 02.10.
Annonse
To er sikta i saka
To personar vart gripen i nærleiken av åstaden kort tid etter at politiet ankom. Desse er sikta for drap eller medverknad til drap.
Namn og bilde av den drepne er frigitt i samråd med dei pårørande.