nyhende
Har fletta Sveio inn i ny krimbok
I romanen har ein mann blitt kasta over bord på ferja mellom Fitjar og Bergen, og Kripos-etterforskar Njaal Natland får hendene fulle. Å skriva er ein hobby for Helge Thime-Iversen, som gjerne tar med bokprosjekta sine til hytta i Sveio.
– Det er kjekt å skriva lokalt, det blir meir interessant for folk i lokalmiljøet, meiner Helge Thime-Iversen. 49-åringen har alltid likt å skriva og tenkte på å bli journalist, men tok utdanning i ein litt annan retning.
Historikaren, som opphavleg er frå Bergen, jobbar som leiar for arkivet i Sjøfartsdirektoratet i Haugesund, men trebarnsfaren har i vaksen alder funne skrivegleda i ledige stunder. Feriar og laurdagsmorgonar er fine til slikt, og hytta på Flatnes ved Ålfjorden i Sveio gir også rom for å dikta vidare på ulike mysterium.
Den første boka blei gitt ut i 2013, nummer to gav han ut på eiga hand som e-bok og lydbok i 2019, medan nummer tre er heilt fersk og klar for butikkane.
Mann over bord
Bøkene er sjølvstendige, men dei har same hovudkarakter – Kripos-etterforskar Njaal Natland.
I «Offiseren» får han to oppdrag å jobba med. Kan ei koda talrekke koplast saman med at ein mann blir kasta over bord på ferja mellom Sandvikvåg og Halhjem? Det er her Sveio-linken kjem.
– To barn blir sitjande aleine i ein bil på ferja. Ein sveibu får med seg at to barn sit aleine i ein bil, og tar ansvar for dei. Seinare blir det avhøyr av mannen som tok seg av barna på ferja i Førde, fortel Thime-Iversen, og røpar at koplinga til kommunen vår stoppar her.
Om Natland klarar å finna løysinga på koderekka og kven drapsmannen er – og dermed avverga ein terroraksjon, vil den som les boka få vita.
Krim/thriller
På dei førre utgåvene har han fått jamt over gode tilbakemeldingar, men det er få som lagar bokmeldingar på bøker til ukjende forfattarar, men han registrerer tilbakemeldingar og vurderingar frå bokbloggarar og vanlege lesarar rundt om på nettet. No ventar han i spenning på korleis den siste boka blir motteken.
– Eg er glad i mysterium, og korleis ei historie kan bli bygd opp på ein mystisk måte. Kanskje er det ikkje slik ein trur – det har gjerne ein intrikat forklaring, seier Thime-Iversen.