Vestland fylkeskommune har løyvd 200 000 kroner til prosjektet Førde attende på tettstadkartet.
– Desse prosjektmidlane vil vera eit viktig bidrag i arbeidet med å få Førde på tettstadkartet igjen og for å til vekst og bulyst. Det er bra for Førde og bra for kommunen. Søknaden og prosjektet er forankra i Førde-bygda, seier ordførar Linn Therese Erve.
– Me har hatt svært gode møte og fått fleire innspel frå bygdalaget, lokalt næringsliv og eldsjeler. Eg gler meg til det vidare arbeidet og til å sjå kva me får til saman, seier ordføraren, som er svært glad for at Sveio kommune fekk støtte til utvikling.
Tettstad
I følgje Sveio kommune sin nettstad, skal pengane i første fase brukast til kartlegging av alle kvalitetane i bygda, slik at ein får eit grunnlag for vidare satsing på folketalsauke og næringsutvikling. Tanken er at heile bygdesamfunnet skal bli involvert i arbeidet, både unge og eldre, fastbuande og hyttefolk, næringsliv og kulturliv. Sveio formannskap vil vera styringsgruppe for prosjektet, og styret i Førde bygdalag vil vera den sentrale arbeidsgruppa. Heile idéen bak prosjektet er å utvikla bygda vidare basert på historie, kvalitet, kultur og bærekraft.
Får ein gjort synleg for omverda kva for kvalitetar som finst i Førde og som kan utviklast vidare, håpar ein å få til nok vekst til at Førde på ny får eit folketal som kvalifiserer til Statistisk sentralbyrå sin definisjon av ein tettstad, skriv Sveio kommune.

Dronefoto over Førde sentrum, 21. april 2021.FOTO: Irene Flatnes Haldin