nyhende
Har fått påfyll av hurtigtestar
Apotek over heile landet har vore utselde for hurtigtestar for covid-19, men no melder fleire at dei har fått nye leveransar. Også i Sveio kunne du kjøpe hurtigetstar litle julaftan.
Ho fortel at dei fekk ei stor levering til grossisten onsdag, og at det skal komme ei levering også torsdag.
– Det har gått ut nesten 200.000 testar denne veka. Vi får òg ei ny levering i romjula og ei større på nyåret, seier Ensrud.
Også Apotek 1 på Sveio, som gjekk tomme tidlegare i desember, har fått nye hurtigtestar for sal. Då Vestavind var innom på føremiddagen litle julaftan var det mogeleg å sikre seg hurtigtestar der.
Testing før juleselskap
Fleire kommunar deler ut gratis sjølvtestar til innbyggjarane, men Folkehelseinstituttet (FHI) har bede dei om å prioritere personar i samfunnskritiske funksjonar, og dessutan barn i alderen 7–18 år og helsepersonell ved symptom.
Dermed må dei fleste kjøpe testpakkar sjølv på apotek.
Onsdag sa helsedirektør Bjørn Guldvog til VG at han sjølv vil bruke hurtigtestar for å redusere risikoen for smittespreiing i juleselskap.
– Eg synest det er ein god idé der ein møter fleire som ikkje er i same husstand. Spesielt om ein møtest på tvers av regionar og til dømes har studentar som kjem frå område med mykje smitte, seier Guldvog.
Utseld
Men til tider har det altså vore vanskeleg å oppdrive sjølvtestar på apotek.
– Fleire av apoteka våre har vore utselde for hurtigtestar i periodar. Vi får fortløpande leveransar frå leverandørane, og hurtigtestar er på veg til apoteka så fort vi får varer inn til lageret vårt, seier pressetalsperson Ann Brita Grøndahl i Norsk Medisinaldepot (NMD), som leverer varer til apotekkjedene Vitusapotek og Ditt Apotek i heile landet.
Ho seier at etterspurnaden etter testar har vore svært høg i dei delane av landet der det er mykje smitte, og mindre i delar av landet med lågt smittetrykk.
– Dette har samanheng med smittesituasjonen og tilråding frå norske styresmakter om smittevern og testing, seier ho til NTB.
Sjølvtestane gir svar i løpet av 15 minutt på om ein er smitta av covid-19. FHI tilrår at ein kjøper testar som er CE-IVD-merkte , og dette kan mellom anna kjøpast på apotek.
(©NPK)