nyhende

Har du oversikt over dei digitale verdiane dine?

Det er ikkje lenger nok å rydde i skuffar og skåp om du vil gjera livet enklare for pårørande den dagen du fell frå.

Publisert Sist oppdatert

– Mange slit med å kome i gang med å lage ei oversikt over dei digitale verdiane sine til den dagen dei går bort. Då kan det vera lurt å hugse at ei slik liste også vil forenkle tida du framleis lever, men kanskje treng hjelp til ting fordi du er blitt sjuk. Ei oversikt over digital arv vil ikkje minst gjera ting enklare for dine næraste den dagen du døyr. For viss ikkje du orkar det no, korleis skal pårørande orke å gå laus på oppryddingsarbeidet når dei samstundes står midt i ein sorgprosess?

Det er Pia Boholm som spør. Ho er seniorrådgivar hjå Seniornett, ein frivillig medlemsorganisasjon som jobbar for å inkludere seniorar i den digitale kvardagen. Eit av mange spørsmål eldre lurar på, er nettopp korleis dei kan sikre informasjonen dei har lagra på alt frå telefon og digitale kamera til pc og nettbrett – og å rydde opp i det digitale livet sitt.

Alle dingsar

– Den digitale arven din er alle digitale verdiar og digitale spor som er knytt opp til dei digitale kontoane du har. Det gjeldt ikkje berre nettbanken, men alt du har av til dømes medlemskap, abonnement og kontoar på sosiale medium, forklarar Boholm.

Lista kan bli både omfattande og lang når du først sett deg ned og byrjar å tenkje etter.

Det tilrår Boholm at du gjer først som sist:

– Start med å lage deg ei liste over alle kontoane du har. Så fyller du ut lista med informasjon om kvar du loggar inn og kva for brukarnamn og passord du har. Før var regelen rett nok at ein ikkje skal skrive ned passorda sine, men i dag klarar dei færraste å halde oversikt over passorda utan å notere dei ned.

Både Apple, Google og Facebook tilbyr ei kontoarving-teneste, som lèt deg peike ut ein person som får tilgang til bilete, e-postar, meldingar, notat og filer frå kontoen din når du sjølv fell frå.

Få ein kontoarving

Du bør samstundes undersøkje moglegheitene for å registrere ein såkalla kontoarving i appane du har. Både Apple, Google og Facebook tilbyr tenesta, der du kan peike ut ein person (kontoarving) som får tilgang til kontoen eller profilen din etter at du har gått bort.

Somme av tenestene krev at kontoarvingen leverer inn dødsattesten din, medan andre lèt deg velje kor lenge kontoen din må ha vore inaktiv før dei lèt kontoarvingen få tilgang til data. Facebook tilbyr deg derimot å peike ut ein minnekontoforvaltar. Om du tillèt det, kan vedkommande få tilgang til kontoen din og rydde opp i profilen din, eller omgjere profilen til ein minnekonto, forklarar Boholm:

– Du kan ha fleire kontoarvingar knytt til ein konto. Likevel er det jo ikkje alt ein ønskjer at kontoarvingane skal sjå eller ha tilgang til, så det betyr også at du sikkert må rydde litt undervegs i prosessen. Dei aller fleste som tilbyr ein variant av kontoarvingløysing, gir deg moglegheit til å velje kva den du har utpeikt skal arve. Alle biletmapper, dokument og e-postar – eller berre kontaktane dine, kanskje?

Boholm påpeiker at dei fleste selskap har alternative løysingar for korleis nære og pårørande kan hente informasjonen din, men at informasjonen ofte er avgrensa og at prosessen kan vera svært tidkrevjande. I tillegg til at selskapa gjerne ber om skifte -eller dødsattest, krev somme og at den som ber om informasjon, står oppført som kontoarving.

Opp i skyene

Dei mest omfattande digitale kontoane dei fleste av oss har, er dei såkalla skylagringskontoane, slik som Google Disk, OneDrive og iCloud. Ofte er det der bileta du ikkje har plass til på telefonen eller pc-en blir lagra. Det er også der me gjerne lagrar byggjeteikningar, dagbøker eller sjølvmeldingane frå mange år attende.

Likevel er det mange som ikkje har eit forhold til skya si, seier Boholm. Eller rettare sagt: skyene sine. For mange av oss har faktisk fleire, somme gonger utan å vite om det, og somme gonger utan at me brukar alle.

Dette er difor også ei oversikt som er viktig å skaffe seg, seier Boholm:

  • Om du har ein Apple-telefon, har du kanskje også kjøpt ekstra lagringsplass gjennom iCloud. Dei som har ein Android-telefon har ofte ein gmail-konto, og med gmail har du kanskje lagra ting på Google Disk og Google Foto.
  • Dei som har Telenor-abonnement, har kanskje ein skylagringsplass i MinSky og med Microsoft-konto følgjer gjerne skylagringskontoen OneDrive med. Andre igjen har laga seg ein eigen sikkerheitskopi på ein fysisk harddisk.
  • Skriv ned kontoar og innloggingsinformasjon, og oppbevar lista ein trygg plass. Og om du ynskjer at arvingar skal få tilgang til bileta og dokumenta på desse kontoane, er det sjølvsagt viktig at du gir dei inngangsnøkkelen.
Ei liste over dei digitale verdiane dine vil både forenkle tida du lever og gjera ting enklare for dine næraste den dagen du døyr.

Eit verdipapir

Når du er i hamn med ei komplett oversikt, kan du til dømes oppbevare ho saman med testamentet ditt og framtidsfullmakta di i ein bankboks, og gje pårørande beskjed om kvar oversikta finst.

– Sjølv om det kan kjennest overveldande, og du kanskje allereie har gløymt korleis du loggar deg inn på einskilde kontoar, er det beste likevel å berre starte i ein ende og be om hjelp undervegs. Viss du ikkje har ein plan for kven som skal ha tilgang til bileta og dokumenta dine den dagen du ikkje sjølv kan vareta dei, risikerer du jo at alt forsvinn eller berre blir hengande i lause lufta, utan at nokon får tilgang til dei, seier Pia Boholm og legg til:

– Om ei Facebook-side eller Snapchat-konto berre blir ståande ubrukt, risikerer ein også at folk med dårlege hensikter overtek og utnyttar kontoen. Me har dessverre høyrt om fleire slike tilfelle; der døde brått vaknar til live att på sosiale medium.

Powered by Labrador CMS