nyhende
Har du lyst til å reisa gratis på interrail?
Er du fødd i 2005? Då kan du søka om ein av dei 400 gratis togbillettane som EU gir vekk i haust. Formålet er kulturutveksling på tvers av landegrenser, og søknadsfristen er 18. oktober.
– Å reisa med tog er ein fantastisk måte å oppleva andre kulturar på. På interrail kan du få nye vener og styrka band til vener du har fra før dersom de søker saman som gruppe. Denne ordninga med gratis reise for unge kjem nok ekstra godt med no i dyrtida, sier Anne M. Solbu Kleiven, divisjonsdirektør i Bufdir.
Billettkonkurransen «DiscoverEU» er ein del av EU-programmet Erasmus+. Programmet har ein eigen ungdomsdel. I Noreg bli den administrert av Barne-, ungdoms-, og familiedirektoratet (Bufdir).
Populær ordning
I undersøkingar Europakommisjonen gjorde blant ungdommane som reiste i prosjektet sine første prøverundar, svarte mellom 70-80 prosent at dei blei meir opne for eit multikulturelt Europa, meir tolerante for andre sine verdiar og åtferd og meir interessert i kva som skjer i Europa.
100.000 ungdommar melde seg på for å vinna dei 15.000 billettene då prosjektet starta i 2018. Frå og med 2022 blei ordninga ein del av Erasmus+-programmet, der Noreg er med som medlemsland.
Korleis funkar det?
- To gonger i året arrangerer EU ein stor konkurranse der 18-åringar kan vinna billettar. Ordninga blei ein del av Erasmus+-programmet frå 2022, og ungdommar i alle land som er med i programmet kan delta.
- Billettkonkurransen kjem igjen kvar vår og haust. Denne runden opnar 4. oktober, og søknadsfristen er 18. oktober.
- I år blir det delt ut 70.000 billetter, 35.000 i vår og 35.000 nye no i haust. Kvart land får en kvote basert på innbyggartal, og i 2023 går om lag 800 billettar til ungdommar i Noreg.
- Dei som kan melda seg på konkurransen er alle som er busette i Noreg (du trenger ikkje å vera statsborgar) og som er fødd i 2005. Du må ha fylt 18 år den dagen du startar reisa.
- Konkurransen fungerer slik at du svarar på fem korte (og enkle) fleirvalspørsmål og eitt gjettespørsmål. Dei som gjettar nærast vinn billettar, og resten hamnar på venteliste.