nyhende
Har du høyrt om Tittelsnes?
Har du høyrt om Tittelsnes? Har du vore der òg? Veit du kvifor det heiter akkurat Tittelsnes? Jo,no skal du høyra.
Ein gong for lenge sidan heitte det ikkje Tittelsnes, det heitte Tittelto. «Hæææ!?», tenkjer du
kanskje no. Ja, det er heilt sant. Tittelto. Kvart år blei det arrangert ein musikkquiz i Bjørgvin, og
her fekk deltakarane høyra ein melodi som det gjaldt å vita namnet på.
Alle som kunne noko om musikk i Noreg, deltok på denne. Det var altfor mange frå distriktet her som ville vera med, derfor måtte det arrangerast treningsleir og titteltevling ute på fortet. Her øvde dei seg på titlane på kvad, stev og balladar, og dei beste fekk segla til Bjørgvin for å kjempa om heider og ære.
Dagane på fortet gjekk med til å trena på titlar, og om morgonen blei dei vekte av seljefløyte- eller munnharpe-musikk, og her gjaldt det å vera snar! Den som ikkje kunne ropa ut tittelen på melodien, rauk snart tilbake til garden han kom frå. Til slutt sto dei att med fem håpefulle tittelkjennarar som skulle setta staden sin på kartet.
Første året gjekk det så som så. Tevlinga i Bjørgvin var i gong, og trubadurane spela opp. Gjengen frå fortet lo godt då første song kom. «Rolandskvadet!» ropa dei. Det var lett! Jess, der
var tittel nummer ein i boks. Neste vise var litt verre. Gjengen knipsa og nynna til kvarandre for
å koma vidare i låten, men no gjekk det trått.
«Arh, denne veit me jo!» sa dei frustrert til kvarandre. «Det var jo han der Olav som sov i to veker, veit du…» Knips, knips. Der løsna det endeleg! “Draumkvedet». Tittel nummer to var sikra. Herifrå og ut var det berre nedoverbakke, og alle fem slo seg for panna då dei spela songar frå antikken. Det hadde dei ikkje øvd på. Dei slo seg endå hardare for panna då dei skjøna at dei hadde fått kallenamnet «Tittelto» av alle dei andre i Bjørgvin, og dei segla heim bestemt på å gjera det betre neste år.
Neste år var dei fem fortsatt dei beste på fortet, og på vegen opp gleda dei seg stort over sitt
nye lagnamn: «Dei fryktlause fem frå Fortet». FFF! No gjekk det betre i Bjørgvin. Der smalt dei til
med to rette på antikke viser, tre på middelalderen og to rette på hymner. Men gleda var
kortvarig. Alle andre klarte seg betre, og dei fem på jumboplass fekk tilnamnet «Tittelsju».
Dei fem fryktlause greidde nesten ikkje å ro heim, så mykje som dei slo seg til panna.
Likevel var dei best i distriktet neste år, og etter mykje målretta knipsing og plystring på fortet, klatra dei opp til eit dusin titlar i Bjørgvin. «Titteldusin» var eit faktum, og det var slik eit dumt namn at dei måtte opp igjen året etter. Etter mange år klarte dei 18, 19 og eit snes titlar, men meir blei det ikkje. I 1349 blei konkurransen avlyst, ikkje veit eg kvifor, og «Tittelsnes» blei ståande.
Ein gretten, gammal gubbe eg kjenner, seier namnet kjem av Titolf sitt nes. Har du høyrt noko
så dumt? Folk seier so mykje rart no til dags. Ein annan gong kan eg fortelja deg om Våga. Eg veit nemleg eitt og anna om det òg, eg.
– S. K. Røne