nyhende
Har du høyrt om Buavåg?
Har du høyrt om Buavåg? Har du vore der òg? Veit du kvifor det heiter akkurat Buavåg? Jo, no skal du høyra.
Ein gong for lenge sidan, då stadar skulle få namn, reiste det eit følgje rundt i landet. Kongen hadde befalt at dei skulle setta stadnamn på kartet. Det var så forvirrande å berre seia der og der og bortanfor der om alt. Ingen skjøna noko då posten skulle leverast, og ingen fekk breva dei venta på.
Det tar lang tid å setta namn på alt i Noreg, derfor måtte dei vera fleire om arbeidet. Dei delte seg i to og kalla seg Fjellfantar og Fjordingar. Fjellfantane reiste med hest og kjerre, medan Fjordingane reiste i båt langs kysten. Frå aust, via sør, til nord. Etter å ha sett namn på Haugesund og Sletta, var dei særs nøgd med eigen innsats, men jobben var langt frå over. På ein kai hadde det samla seg ein skokk med spente bygdefolk. Dei hadde sendt mange gode namneforslag i posten, og no ville dei høyra kva for eit som var blitt valt. Stadnamnsetjarane visste ikkje noko om desse forslaga, for det var jo ingen post som kom til rett mottakar på denne tida.
Fjordingane hadde brukt litt for lang tid på å døypa sin eigen båt, så no hadde dei det så travelt at dei ikkje kunne legga til kai på ferda nordover.
«Kva skal staden vår heite?», ropa kaifolket ivrig ut til båten.
«Hva sa du?», ropa Fjordingane tilbake. Vassabu? Nei, dét forslaget likte ikkje kaifolket, og alle tok tomlane ned og sa «BUUU!»
«Hva sa de?», ropa Fjordingane til kvarandre. Vassali? Nei, det var ikkje det spor betre, og igjen bua dei.
«Vi hører ikke!», ropa Fjordingane fortvila. Ørefike? Høyrt noko så dumt? Det kom eit rungande buuu frå kaien idet båten glei lenger og lenger vekk.
«Jeg tror de vil at plassen skal hete Bu. Men alvorlig talt, bare TO bokstaver? Nei, takk. Jeg hørte Fjellfantene kalte noe for Bø, og da skvatt jeg ordentlig. Skal vi si Buvåg? Nei, det får bli Buavåg.»
Etter den lange monologen sin, sette kartmannen seg nøgd ned igjen i båten. «Jeg syntes jeg hørte Ørevike,» sa ein av dei som satt nærast kaien, «Det kan vi jo ha i bakhånd hvis vi ikke finner på noe bedre til neste plass.» Og så godta dei seg igjen over det gode namnet dei hadde funne til båten; Fjord1.
Ein gretten, gammal gubbe eg kjenner, seier namnet kjem av ei bukt der det budde folk. Har du høyrt noko så dumt? Folk seier so mykje rart no til dags. Ein annan gong kan eg fortelja deg om Tittelsnes. Eg veit nemleg eitt og anna om det òg, eg.
– S. K. Røne