nyhende

no skal du høyras. k. røne

Har du høyrt om Apeland?

Har du høyrt om Apeland? Har du vore der òg? Veit du kvifor det heiter akkurat Apeland? Jo, noskal du høyra.

Publisert Sist oppdatert

Ein gong for lenge sidan reiste det eit sirkus rundt i Noreg med eit digert, fargesprakande telt, to vannsprutande elefantar, 16 akrobatar, verdas minste mann og verdas største dame. Med i truppen var mellom anna òg ei gapande løve, ein spyttande lama, ein sirkusdirektør med flosshatt og svepe og 13 ustyrlege apekattar.

På veg frå Bergen til Stavanger høyrde følgjet ein brummande ulyd. «Hjelp!», ropte verdas sterkaste mann med tynn, skingrande stemme, «Løva har fått magetrøbbel!» Sjåføren hogg på bremsene og svingte ut til sida. Då dei gjekk ut for å sjå til løva, oppdaga dei at det eine hjulet var flatt som ei pannekake. «Løft opp bilen, Sterke-Frans, så me får byta dekk.»

Reservedekket var i vogna til apekattane, for dei hadde slik moro av å bruka det til føyse. Akkurat idet akrobatane opna opp døra for å hente ut dekket, løfta Sterke-Frans bilen så heile vogna heldt på å tippa over. Det blei eit lurveleven utan like, og apekattane smatt ut den opne døra.

«Absolutt tystnad!», brølte Sirkusdirektøren og smalt med pisken, men det var for seint, apekattane var for lengst vekke. Dei leita og leita, men alle 13 var som sunkne i jorda. I eit siste desperat forsøk på å finna dei, sette dei den utrulege Dabriosa til å trylla dei fram. Han fiska både skjerf, duer og kaniner opp av hatten, men ingen ustyrlege apekattar. Til slutt måtte dei reisa vidare, eitt sirkusnummer fattigare.

Langt innover vegen mot Lid, på eit gamalt gardsbruk, sprang 13 typar rundt og leika gøymsle ihøyet. Dei hadde aldri vore på ein gard før, og her var det så artig, at dei bestemte seg for å bu der for alltid. Og det er derfor dette området har fått namnet Apeland.

Ein gretten, gammal gubbe eg kjenner, seier namnet kjem av det gamle ordet apal, som betyr eple, og at Apeland dermed er ein stad det vaks eple. Har du høyrt noko så dumt? Folk seier så mykje rart no til dags.

Ein annan gong kan eg fortelja deg om Buavåg. Eg veit nemleg eitt og anna om det òg, eg.

– S. K. Røne

Powered by Labrador CMS