nyhende

Så lenge det er knytt til friluftsliv, kan du søka om det meste. Bildet er frå ein tur på Engeløya i Steigen, Nordland.
Så lenge det er knytt til friluftsliv, kan du søka om det meste. Bildet er frå ein tur på Engeløya i Steigen, Nordland.

Har du eit friluftstiltak du treng pengar til?

Då kan du søka Statskog om midlar. Vårsøknadane til «Statskogmillionen» har frist ut april.

Publisert Sist oppdatert

Støtteordninga er eit ledd i statsforetaket sitt oppdrag med å legga til rette for berekraftige og helsebringande opplevingar i norsk natur i samarbeid med krefter i friluftslivet landet rundt.

Økonomisk klapp på skuldra

Sidan oppstarten i 2017 har over 1.000 prosjekt og aktivitetar fått støtte gjennom ordninga.

– Eldsjeler og organisasjonar gjer mykje verdfullt for å legga til rette for friluftsliv for alle oss andre. Då er det gøy å kunna gi eit økonomisk klapp på skuldra til mange små prosjekt i heile Noreg, seier kommunikasjonssjef i Statskog, Trond Gunnar Skillingstad, i ei pressemelding.

150 prosjekt får til slag

Du søker via Statskog sine nettsider, Statskogmillionen. Her finn du i tillegg til retningslinjer og søknadsportal oversikt over alle prosjekt som har fått støtte. Det kan kanskje bidra til idear til for ditt eige prosjekt.

Får du tilslag, utløyser det støtte på 5.000 eller 10.000 kroner. 150 prosjekt og tiltak vil få tilsagn om støtte før sommaren i år.

Powered by Labrador CMS