nyhende

Overgrepssak mot tidlegare sveiopolitikar snart ferdig etterforska:

Advokat Odd Arild Helland er forsvarar for den tiltalte sveibuen.
Advokat Odd Arild Helland er forsvarar for den tiltalte sveibuen.

– Har bede om rask pådømming

Saka mot ein tidlegare profilert Ap-politikar i Sveio som er sikta for seksuell omgang med barn under 16 år, er snart ferdig etterforska.

Publisert Sist oppdatert

Det stadfestar politiadvokat Kristin Aasberg Ueland ved Sør-Vest politidistrikt.

– Ein politikar på Haugalandet er sikta for seksuell omgang med barn under 16 år, jamfør paragraf 302 i straffelova. Saka nærmar seg ferdig etterforska, skriv politiadvokaten i ein e-post til Vestavind.

Mannen sin forsvarar, advokat Odd Arild Helland ved Advokatene Lea, Haavik, Helland & Aarvik i Haugesund, har fått dei same signala frå politiet og seier det er bra at etterforskinga har kome så langt.

Fleire sikta

– Me er litt utålmodige no og ser fram til å koma vidare. Ettersom min klient har erkjent straffeskuld og lagt korta på bordet, meiner me den vidare behandlinga bør gå relativt kjapt, seier Helland.

Fornærma i denne saka er ein ung gut. Aasberg Ueland stadfestar at fleire er sikta for seksuelle overgrep mot den same guten, men kan ikkje seia kor mange personar dette gjeld av omsyn til etterforskinga. Etter det Vestavind kjenner til, er også andre politidistrikt inne i etterforskinga av desse personane.

Helland seier at dersom fleire er under etterforsking for overgrep mot den same guten, kan det forklara kvifor etterforskinga har tatt så lang tid.

– Me har anmoda om at min klient får saka si behandla i retten så raskt som mogleg. Det inneber nødvendigvis at me ønskjer enkeltvis pådømming, seier Helland.

Aasberg Ueland svarar ikkje på spørsmål om politiet ser for seg samla eller enkeltvis pådømming av dei som no har status som sikta.

Ute av politikk og jobb

– Klienten min har det svært vanskeleg, forståeleg nok. Denne saka har fått store konsekvensar for livet hans. Mest av alt tenkjer han likevel på fornærma og hans situasjon.

Det var under valkampen i fjor at den profilerte Sveio-politikaren blei pågripen, tiltalt og etter kvart sikta for det straffbare forholdet. Han la straks korta på bordet, og forklarte at han hadde møtt fornærma på ei datingside med aldersgrense 18 år. Han var ikkje klar over fornærma sin unge alder, men forklarte at han hadde trekt seg frå forholdet straks han fekk vita at guten var under den seksuelle lågalderen.

Mannen sa frå seg alle politiske verv og sa også opp jobben sin. Han sto høgt oppe på Sveio Ap si kommunevalliste og blei valt inn i kommunestyret, men blei etter søknad friteken frå dette vervet.

Belastning

Advokatfullmektig Siren Elise Finnvik ved Elden Advokatfirma sitt kontor i Stavanger er bistandsadvokat for den fornærma guten. Ho seier at heile saka er ei stor belastning for klienten hennar.

– Han er glad for at den sikta sveibuen har erkjent straffeskuld. Det er ikkje tatt stilling til storleiken på eit eventuelt erstatnignskrav frå fornærma si side enno, seier Finnvik.

Powered by Labrador CMS