nyhende
— Har aldri vore så mange på soknehuset før
Torsdag kveld heldt dei ukrainske flyktningane konsert i Sveio for å gje noko tilbake. Resultatet vart rørande. — Folk snakkar om tårer som pressa seg på, seier konferansier og sokneprest Arild Steinsland.
Han fekk det travelt med å henta stolar på torsdag. Soknepresten fortel at han etter kvart måtte gå frå rom til rom for å henta fleire.
— Absolutt alle stolane me hadde var opptekne, og resten måtte stå, seier Steinsland.
Årsaka til stolmangelen var eit initiativ frå ei lokal jente som eigentleg kjem frå Ukraina.
— Det var veldig fint. Mange folk kom, og eg hadde ikkje venta det, seier Anastasiia Nuzhna.
Sette ny rekord
Ho er opphaveleg frå Odessa, heilt sør i Ukraina. Nuzhna kom til Sveio i fjor etter invasjonen.
— Det var Anastasiia som tok initiativ sjølv. Dei har øvd på soknehuset kvar laurdag sidan jul, seier Steinsland.
Han sit igjen imponert, og ikkje minst rørt.
— Eg har fått mange tilbakemeldingar om at det var rørande og ein sterk konsert. Folk snakkar om tårer som pressa seg på, seier Steinsland.
Konserten som fekk namnet «Med kjærleik til Ukraina» var ikkje berre ei sterk oppleving for mange. Den sat også faktisk ein rekord for soknehuset.
— Det har aldri vore så mange på soknehuset på ein gong tidlegare. Det var over 200 personar samla, seier Steinland.
Ville visa kva som skjer
Då Nuzhna vert fortalt at ho sett ein ny rekord, tek ho det med eit stort smil.
— Tusen takk, så hyggeleg, seier ho.
Songarinna er veldig takksam for korleis ho og dei andre frå Ukraina vart tekne i mot, både i Noreg og Sveio.
— Eg vil gje ein stor takk til alle, seier Nuzhna.
Dagen etter konserten får ho vita det førebels innsamla beløpet. 24.500 kroner. Beløpet er no kome opp i 27.240 kroner.
— Eg er i sjokk, heilt sjokkert, seier ei glad Nuzhna før ho fortset:
— Det er så rart, fordi dette er den fyrste konserten eg held i Noreg, og me har fått inn så mykje pengar, seier ho.
Nuzhna seier det er godt å kunna visa kva som skjer i Ukraina, fordi ho skjønnar at det vanskeleg for dei som ikkje har opplevd det same å forstå.
Samhaldet er sterkt mellom dei ukrainske, og då ho ville laga konsert vart dei alle saman med.
— Alle dei ukrainske støtta meg og ville hjelpa på kva måte dei kunne. Å synga, baka og hjelpa med organisering, seier Nuzhna
Står sterkt i Sveio
Soknepresten meiner kvelden var ein mogelegheit for å forstå dei ukrainske flyktningane betre.
— Det var veldig rørande. Og ein fekk eit godt innblikk i kva opplevingar dei har hatt. Dei er jo stort sett unge kvinner med barna deira. Det er viktig at me prøver å setja oss inn i korleis dei har det, kva overgrep dei har vore utsett for som eit folk, seier soknepresten.
Saman var dei to konferansierar for kvelden. Fleire artistar frå Ukraina song eller las dikt, i tillegg til innslag frå Ad Libitum og Sveio barnekor.
— Folk i Sveio har alltid vore opptekne av å hjelpa Ukraina, også før invasjonen. Det ser me på gjevargleda.
Kan hjelpa mange
Pengane skal gå til enkeltprosjekt i Ukraina som ukrainere frå Sveio er involvert i. Kyrkjelyden vert med for å hjelpa til med handteringa av pengane og korleis dei vert brukt.
— Me har mange me kjenner som bur i områda direkte råka av krig. Med desse pengane kan dei difor hjelpa mange til å kome seg gjennom kvardagen. Mat til små born til dømes, seier Nuzhna.
— Har du noko du ynskjer å seia til sveibuane?
— Takk for støtta! Når eg fyrst kom hit vart eg møtt med så mykje kjærleik. Eg vil gje ein stor takk, avsluttar ho.