nyhende

– Har aldri sett oter her før

Saka om at det minkar på minken grunna auka oterbestand, fekk umiddelbar respons. Sigve Hovda såg oter for første gong i mars i år, og Inge Haugland kom tett på og fekk filma i vår.

Publisert Sist oppdatert

Oter

Oter, eigentleg europeisk oter (Lutra lutra), er eit rovpattedyr som er godt tilpassa å vera mykje av livet i vatn uansett årstid.

Oteren har ein langstrakt kropp, korte bein og lang, kraftig hale med spiss ende. Kroppslengda er 102-138 centimeter og halelengda 57-70 centimeter. Vekta varierer mellom 4 og 11 kilo. Hannar er noko større enn hoer.

Pelsen er mørkebrun til gråbrun på oversida, og lysegrå på strupen og nedover brystet. Pelsen er tjukk med svært høg tettheit av hår og isolerer godt mot vatn. Otrar som jaktar i saltvann er avhengige av ferskvatn for å vaska ut saltet av pelsen.

Halsen er kraftig mens hovudet er lite, breitt og flatt på toppen med små, runde øyrer. Auger, øyrer og nasebor er plassert høgt på hovudet. Dette gjer at oteren kan sjå, pusta, lukta og høyra mens den svømmer.

Oteren kan bevega seg raskt, og i vatn blir den lange ryggrada brukt å laga bølgande rørsler frå halen og framover. Det skaper framdrift saman med spark med beina som har svømmehud mellom tærne. Oteren kan tilbringa opp til eit par minutt under vatn ved dykk som kan gå ned til fleire meters djup.

Fisk er den viktigaste næringskjelda. Oteren kan også eta amfibier, krypdyr, små pattedyr og fuglar, insekt, blautdyr og krepsdyr.

Oteren har ikkje ei fast paringstid, og hoa kan ha eggløysing året rundt. I Noreg blir dei fleste ungane fødd i løpet av våren og forsommaren, og dei følger vanlegvis mora i eit drøyt år.

Otrar er kjent for å vera leikne dyr som jager hverandre i vatn og på land, og som aker på gjørmete elvebreidder og i snøen. Andre grunner til at dei gnir og rullar seg på bakken, er for å tørka og rensa pelsen, eller for å markeres leveområdet sitt med lukt..

Ein finn arten i Eurasia. I Tibet meir enn 4.000 meter over havet. I Noreg vart oteren totalfreda i 1982. Då var den allereie utrydda i Sør-Noreg på grunn av stort jakttrykk. No er den på frammarsj langs kyst, elver og innsjøar i heile landet. Den har raudlistestatus livskraftig i Noreg og nær trua på global raudlistestatus.

Kjelder: Store norske leksikon og NINA

Inge Haugland fanga oteren på video i Hauglandsvika i Valestrand.

– Eg har sett oter før. Det var for mange år sidan då eg var med bestefar Ingebrigt å fiska som gutunge, seier Haugland.

Han bur på Stord, men kjem frå Hauglands-slekta i Valevåg og er ofte på hytta i Hauglandsvika.

Kom tett på

– Det var tilfeldig at eg oppdaga oteren rett ved hytta, og artig at eg kom så tett på at eg fekk den på ein liten filmsnutt. Det var ein vaksen oter, og den var aleine, fortel Haugland, som også såg oteren svømma utover seinare.

Oteren vart totalfreda i 1982. Då var den allereie utrydda i Sør-Noreg på grunn av stort jakttrykk.

– Mink har me sett ein del av, men ikkje dei siste åra. Så det kan sjå ut til at det stemmer at minken forsvinn på grunn av oteren, seier Haugland.

Overraska over kor stor den var

Sigve Hovda såg også oter ved hytta. Han bur ikkje i Sveio, men er frå Hovda vest for Buavåg og er mykje på hytta på Kvitaneset.

– 1. mars oppdaga eg at det gjekk eit dyr og vandra på hyttefeltet. Dyret hadde det ikkje travelt, og forsvann under hytta mi. Eg har aldri sett oter her før, men var 99 prosent sikker på at det måtte vera ein oter. Eg blei overraska over kor stor den var, seier Hovda, som fekk tatt nokre bilder med mobilen.

Kjekt tilskot til dyrelivet

– Det var ekstra stas å få den på besøk, og eit kjekt tilskot til det flotte dyrelivet me set veldig pris på her ute. Spesielt fuglelivet med både ørn, skarv og svaner, seier Hovda, som heller ikkje har sett mink dei siste åra.

– Det er jo bra om det stemmer at oteren fordriv minken. Ikkje minst for fuglane sin del, seier han.

Oterobservasjonar

Etter at Vestavind delte saka om otrane på Facebook, har det kome tilbakemeldingar på observasjonar mange stadar i Sveio:

I sjøen mellom Valevåg og Martinshamn, ein flokk på tre i Kvalvåg, langs vegen mellom Kvalvåg og Våga, i elva mellom Ørvikevatnet og Geiteid, utanfor Risholmen ved Hillersvik, i Førdespollen, på Tittelsnes, i Valevåg, Fauskebukta på veg ut mot Ryvarden, ved Straumøy, og ofte sett på Søre Mølstre.

Har du tips om observasjonar av oter, bilde eller film, send til tips@vestavind-sveio.no

Powered by Labrador CMS