nyhende

– Me treng ikkje berre trenarar og lagleiarar, men også trygge vaksne som kan bidra utanfor banen, seier Lillian Rommetveit.
– Me treng ikkje berre trenarar og lagleiarar, men også trygge vaksne som kan bidra utanfor banen, seier Lillian Rommetveit.

Håper på fleire frivillige

Tysdag prøver Sveio IL noko nytt: aktivitetsdag for 1.-3. klasse inkludert føresette. – Andre som har lyst er også velkomne, seier Lillian Rommetveit.

Publisert Sist oppdatert

Som mange andre lag og foreiningar opplevde Sveio IL nedgang i medlemstalet under og etter pandemien. Men medan aktiviteten er på topp igjen, er det blitt stadig tyngre å få foreldre og andre frivillige til å stilla opp.

– Det er naturleg at foreldre gir seg når barna deira går ut av ein aktivitet, men tidlegare har det kome «påfyll» når nye begynner. Her merkar me ei stor endring, og eg trur det også gjeld dugnadsviljen generelt, seier Rommetveit.

Lågterskeltilbod

Sveio IL er ikkje kjent for å legga seg bakpå, og tysdag ettermiddag har dei invitert 1.-3. klassingane i kommunen til aktivitetsdag med kveldsmat etterpå.

– Dette er eit lågterskeltilbod, og me vil både visa fram aktivitetane våre og fortelja kor viktig frivillig innsats er for at dei skal kunna gjennomførast. Å bli med som trenar, lagleiar eller bidra med andre ting, er også ein positiv ting for dei vaksne. Gjennom idrettslaget blir ein kjent med mange, får eit stort nettverk og gjerne gode vener, seier Rommetveit.

For den som nettopp har flytta til kommunen, kan idrettslaget vera ein fin måte bli kjent med folk på. Har du lyst til å bidra, må du ikkje ha barn i 1.-3. klasse for å koma på aktivitetsdagen.

– Døra er open for alle

– Sveio kommune har gjort ei undersøking der tre av fire svarar at dei deltek i frivillig arbeid. I den siste fjerdedelen svarar mange at dei gjerne vil bidra, men ikkje veit korleis. På aktivitetsdagen kan du bli kjent med oss, og alle som har lyst er velkomne, seier Rommetveit.

Ho er også open for ein til ein-prat om nokon ønsker det.

– Ring meg, send ein SMS eller e-post. Eller stopp meg på gata for å slå av ein prat. Her er døra open for alle. Me treng ikkje berre trenarar og lagleiarar, men også trygge vaksne som kan bidra utanfor banen, seier Rommetveit.

Powered by Labrador CMS