nyhende

Vassforbruket er så høgt at høgdebassenga i kommunen ikkje klarar å fylla seg opp i løpet av natta. Her frå Rossafjellet. FOTO: THOMAS VALLESTAD DRAGESET
Vassforbruket er så høgt at høgdebassenga i kommunen ikkje klarar å fylla seg opp i løpet av natta. Her frå Rossafjellet.

Håper å unngå vatningsforbod

På grunn av svært høgt vassforbruk i Sveio for tida, er forsyningskapasiteten til abonnentane dårlegare. No blir alle oppmoda til å spara på vatnet for å unngå vatningsforbod.

Publisert Sist oppdatert

Vassforbruket er så høgt at høgdebassenga i kommunen ikkje klarar å fylla seg opp i løpet av natta.

— Då er me allereie i ein situasjon me ikkje ønsker. Me mistenker at det pågår ein del hagevatning på grunn av det tørre vêret. Her kan det gjerast enkle tiltak for å spara på vatnet. Til dømes bruk av vasspreiar. Ikkje la den stå på døgnet rundt eller natta gjennom. Tapp i staden vatn i hagekanne og vatna med det. Då har du også kontroll på kor mykje vatn du brukar, seier fagleiar VA Tore Johann Enerstvedt.

Frivillig vassparing først

Hagevatning er ein ting, men innbyggarane blir oppmoda til å vera sparsame med all vassbruk framover til det kjem nedbør av betydning. Det ser det ut til at blir ei stund til om vêrmeldingane slår til.

— Betyr det at det går mot vatningsforbod?

— Vatningsforbod er eit strengt inngripande tiltak, så me vil prøva å unngå det lengst mogeleg. No håper me at oppmodinga om frivillig sparing vil føra til ei betring i situasjonen, seier Enerstvedt.

Brannvesenet betre rusta

Lågt vasstrykk kan også føra til problem om det skulle oppstå brann. Lite vatn i det kommunale nettet kan påverka kapasiteten, men Sveio brannvesen er betre rusta no enn før.

— Me har fått ny tankbil med 8 kubikkmeter og har ytterlegare 5 kubikkmeter på hjul. Med 12-13 kubikkmeter bør me klara å ta hand om det meste, seier Bjarne Hetlesæter, utrykningsleiar for Sveio brannvesen og beredskapskoordinator i Sveio kommune.

Det er høgareliggande område som vil merka lågt vasstrykk mest.

— Skulle me få problem i ein tidleg fase av ei brannsløkking, kan vassverket stenga av enkelte område til fordel for auka trykk i andre område. Så me har mogelegheit til å gjera litt med vasstilgongen på den måten også, seier Hetlesæter.

Powered by Labrador CMS