nyhende
Håpar på hjelp til Ukraina frå Sveio
Haugaland Brann og Redning IKS samlar for tida inn mykje utstyr som dei skal donera til sine ukrainske kollegaer. Dei oppmodar Sveio kommune til å gje bort overflødig utstyr.
Torsdag 27. april er dagen Haugaland Brann og Redning IKS (HBR) planlegg avreise til Ukraina. Dei håpar Sveio mogelegvis har noko dei kan donera av utstyr til hjelpemannskap.
Med i lasta har dei allereie tre brannbilar. Ukrainsk brannvesen treng ofte nye bilar, av ein grunn ein ikkje er kjent med i Noreg:
— Utstyr og køyretøy er ofte mål for bombing, og det har difor vorte ei forbruksvare.
Farleg jobb
Brevet er skriven av Morten Svandal, som er informasjonskoordinator for HBR. Han stadfstar at det er risikabelt også for hjelpemannskapa.
— Det stemmer. Det er bilete av brannbilar som er bomba. Dei har ein farleg jobb, seier han.
Hittil har dei samla utstyr som er sårt nødvendig for hjelpemannskapa i Ukraina.
— Me har fått inn ganske mykje, både akuttmedisinsk og aggregat. Helse Fonna har gjeve ein ambulanse. Og så fekk me ein bil frå Statkraft, og litt pengar til å dekka reisa, seier Svandal.
Bilen frå Statkraft er av ein type som kan brukast til å reparera straumnettet. Det vert nødvendig når kraftforsyninga vert eit eiget mål.
Sendinga skal leverast gjennom stiftinga Tro, Håp og Kjærleik. Dei har halde på med hjelpearbeid i Ukraina sidan 1990-talet.
— Kva tenkjer du om å hjelpa dine kollegaer i Ukraina?
— Det eg veit er at dei sett utruleg stor pris på å få tilsendt nytt utstyr. For det første har dei vesentleg meir jobb under krigsherjingane, og for det andre går utstyret meir sund, seier Svandal.
Ser på saka
Jobben deira gjer at dei må rykka ut uansett, og ofte til der lidingane er størst.
— Dei er veldig sjølvoppofrande. Dei må forsøka å redda skada folk ut av øydelagde bygningar. Det fortener merksemd den utrulege jobben dei gjer, seier han.
Sveio kommune har ikkje gjeve noko svar til Svandal eller HBR enno. Rådmann Jostein Førre svarar til Vestavind at dei ser på saka.
— Me ser no om me har noko aktuelt utstyr. Det er ikkje teke nokre avgjersler om dette enno, seier Førre.