nyhende

Bilete av bustadplattforma «Alexander L. Kielland» (t.v.) teke i 1980 før ulykka. Foto: NTB / NPK
Bilete av bustadplattforma «Alexander L. Kielland» (t.v.) teke i 1980 før ulykka.

Håpar nye opplysingar fører til forhandling om Kielland-ulukka

Det kome fleire nye opplysingar om Kielland-ulukka, som gjer at støttegruppa for offer og etterlatne ser føre seg ei løysing om erstatning med styresmaktene.

Publisert Sist oppdatert

I mars i år er det 45 år sidan Noregs største arbeidsulykke – Alexander Kielland-ulykka – der 123 menneske omkom då bustadplattforma på «Alexander L. Kielland» kantra på Ekofiskfeltet i Nordsjøen.

Anders Helliksen overlevde katastrofen, og er styreleiar i Kielland-nettverket, som er støttegruppa for overlevande og etterlatne.

– Ingen har nokon gong fått hjelp av stat eller kommune. Dette har òg blitt verre etter rapporten frå Universitetet i Stavanger, seier Helliksen til Nynorsk pressekontor.

Opne dører

Førre veke blei det kjent at styresmaktene har halde tilbake informasjon om ulukka, kom det fram i ein rapport frå Universitetet i Stavanger. Der stod det at plattforma ikkje var godkjend som bustadkvarter. Dette blei første gong nemnd i ein høyringsrapport til arbeidsdepartementet i 1981, men ikkje teke opp før UiS fann det.

– Etterlatne barn og enker får vite at fedrane og ektemennene aldri skulle vore på plattforma. Dei 123 skulle ikkje døydd, seier Helliksen.

«Alexander L. Kielland»-plattforma kantra 27. mars 1980 på Ekofiskfeltet i Nordsjøen. 123 menneske omkom. Her er bilete frå forsøka på snuing, – og den seinare senkinga i 1983.

I tillegg har det kome fram at på ulykkesdagen var dører og ventilar opne på plattforma, og det gjekk slangar og kablar gjennom, noko nye bileta har vist. Dørene var bundne ope og det var montert proppar på dørkarmane slik alarmen ikkje skulle gå i kontrollrommet, sidan det ikkje var lovleg med opne dører.

– To etterforskingar har konkludert med at riggen kantra på 18 minutt som følgje av dette. Vatn fekk kome inn og gjorde riggen til eit søkke-element i staden for eit flyte-element. Hadde alt vore lukka, kunne riggen ha halde seg flytande i så mykje som to timar, og mange fleire kunne overlevd.

Vil ha forhandlingar

Til Frifagbevegelse avviste ikkje energiminister Terje Aasland (Ap) ei ny Kielland-vurdering etter dei nye opplysingane.

I tre år har støttegruppa jobba med advokatar om å levere søksmål mot staten ved til Oslo tingrett. I 2014 fekk nordsjø-dykkarane erstatning, og 17. desember i fjor fekk gruppa som har fått helseskadar av arbeidet – oljepionerane – stortingsvedtak om kompensasjon.

– Då vi såg at denne gruppene fekk positivt vedtak på Stortinget, bestemde vi oss for å ikkje levere stemning til tingretten riktig endå, likevel, seier Helliksen.

I staden ønskjer han seg forhandlingar om erstatning.

Powered by Labrador CMS