nyhende
Ivar (71) fann nabo Natalie (6) sin flaskepost:
– Håpar den når Danmark
Ivar Kallevik fann noko han ikkje hadde sett på lenge under ein tur i Buavåg, ein flaskepost! Det var ein av tre stykk som tvillingsystrer Natalie og Nova Bua Helvig og Tora Kallekleiv Handeland hadde sendt til sjøs.
Det var ein gong tre jenter som sat og såg barne-tv då eit spanande program kom på.
– Dei såg noko som heiter «Flaskepost frå havet», kor ei jente sender flaskepost, seier mor til Natalie og Nova, Birgitte Brændhagen Bua.
Tre flasker på reise
Då vart jentene inspirert. Mamma Birgitte tok med seg tvillingdøtrene Natalie og Nova, og venninna deira Tora Kallekleiv Handeland ned til sjøen for å gjera det same.
– Dei kasta ut tre flasker frå Buavåg, seier ho.
Ei av desse flaskene vart funnen etter berre nokre dagar av buavåging Ivar Kallevik.
– Eg bur i nærleiken av kaien og brukar å gå tur med hunden langs sjøen. Då ser eg ei flaske som ligg og flyt. Eg tok den med til sambuaren min og tenkte at dette var veldig spanande. Me opna den og det viste seg å vera den fine teikninga til Natalie, ei nabojente av oss, seier Kallevik.
På teikninga stod både nummer og namn. Kallevik sende ei takksam melding til mor og dotter saman med eit bilete av seg sjølv og teikninga.
Kasta ut igjen
Sidan flaska vart funnen i Buavåg tenkte Kallevik at Natalie hadde større ambisjonar for flaskeposten. Difor tok han den med ut i Bømlafjorden og heiv den ut på ny.
– Me får sjå kor den hamnar, seier han.
– Har du funne flaskepost før i Buavåg?
– Nei. Eg har høyrd om andre som har funne i området, men det er lenge sidan. Det er veldig kjekt å få, seier Kallevik og legg til:
– Det gjorde me også når eg var gutunge, og det er 60 år sidan. Då var det veldig populært og dei kunne kome heilt i frå utlandet også, humrar han.
Håpar på Danmark
Mora til to av dei tre jentene bak flaskepostane er samd med Kallevik.
– Me og gjorde det når me var liten. Eg vaks opp her i Buavåg. For to år sidan fann faktisk eg og veslebror til jentene ein flaskepost i Hovdavika, seier ho.
Då var det dessverre ikkje med namn eller noko, så når og kvar den er frå fann dei aldri ut. Sjølv håpar Natalie at havet tek den langt av stad, i kvart fall til Bømlo!
– Kor ynskjer du mest at den skal hamna? Spør Brændhagen Bua dottera si.
– Hmmm, Danmark, svarar Natalie.