nyhende

– Håpar den er klar i januar

Arbeidet med ladestasjon for elbilar i Førde er i full gong. Selskapet bak, Kople, håpar elbilistar kan lada allereie i slutten av januar.

Publisert Sist oppdatert

Førdebygda ligg strategisk plassert for køyrande langs E39, og er om sommaren ein populær plass å stansa for forfriskingar og eit besøk på stranda. Difor var det eit naturleg val for ladeselskapet Kople å ville etablera ein ladestasjon.

Saka vart først omtala i februar 2023, men Kople har jobba med planen før det. No nærmar det endeleg seg. Då Vestavind var på staden 15. desember var arbeidet i full gang, med mannskap frå både Fagne og ein annan entreprenør.

– Me held på med gravinga og er godt i gang, seier prosjektleiar hjå Kople, Øystein Borander.

Det vert to ladarar som kvar har to tilkoplingar, slik at i teorien kan fire bilar lada samstundes.

– Ein ladar får 75 KwH og ein annan 180 KwH i kapasitet, seier Borander.

Kople har vald å nytta to forskjellege produsentar, og understrekar at dei aller fleste elbilar vil kunna lada der.

Powered by Labrador CMS