nyhende

Oppmodar alle som kan til å stemma på førehand:

Håpar å slå rekorden for valdeltaking

Dei to første dagane med førehandsrøysting i Sveio har vore gode. Bjarte Stølås Storli og Linn Therese Erve håpar at trenden held fram, slik at valdeltakinga frå Sveio blir minst like god som i 2017.

Publisert Sist oppdatert

Måndag 13. september er det Stortingsval i Noreg, og alle folkeregistrerte innbyggjarar over 18 år kan vera med å påverka korleis landet skal styrast ved å stemma på parti og kva politikarar dei vil ha inn på Stortinget.

Du kan stemma no

For dei som ønskjer å avgi si stemme før dagen, er det mogleg nesten ein heil månad før sjølve valdagen, og i år er oppmodinga om å stemma på førehand enda meir opplagt enn tidlegare på grunn av korona og smittevern. Det får ordføraren til endra sine vanar.

– For meg har det alltid vore høgtidleg å stemma på sjølve valdagen, men i år kjem eg til å førehandsrøysta. Eg kan ikkje risikera å vera sjuk på valdagen, seier Linn Therese Erve (Ap).

Og skulle så skje at ein må vera i karantene eller av andre årsakar ikkje kan forlata heimen på valdagen, finst det råd.

– På grunna av korona har ein rett til å stemma heime fram til klokka 10.00 på valdagen, men ein må gjerne førehandsstemma no, oppmodar Bjarte Stølås Storli, politisk sekretær og ansvarleg for valavviklinga i Sveio.

Ulike tider

Statistikken viser at sveibuen er flinke til å nytta seg av stemmeretten når det er stortingsval. I 2017 var frammøteprosenten i Sveio på 81,3 prosent (78,2 prosent på landsbasis). Av 3136 stemmer var 1175 lagt i urna på førehand. Storli håpar at det blir langt fleire stemmer i urna før 13. september i år.

Valurna står trygt plassert på servicekontoret. Bjarte Stølås Storli er valansvarleg i Sveio kommune.

– Ein tenker gjerne at ein har god tid, så kjem valdagen, og så har ein plutseleg ikkje moglegheit likevel. Stem på førehand om du kan, seier Storli.

Han forsikrar om at Sveio kommune jamt vil minna folk på at dei kan førehandsstemma. Det er to stader som blir brukte til førehandsrøyting – Sveio kommunehus og Sveio soknehus, tidene vil variera frå klokka 08.00-20.00. Det vil også bli ope to laurdagar.

Godt i gong

Då Vestavind var innom kommunehuset torsdag i 13-tida, hadde 16 personar avgitt si stemme berre denne dagen. Samanlagt for dei to dagane er det snakk om rundt 30 stemmer, mykje meir enn det pleier å vera så tidleg. Så tidleg i perioden har det vore nok med eitt avlukke, men no har det kome på plass to, slik at ein slepp opphopning av folk og ventetid. Ordføraren håpar at den fine trenden med god deltaking frå starten, vil gi utslag på frammøteprosenten.

– Eg vil oppmoda alle til å stemma, og vera med på å påverka kva samfunn me skal ha. Benytt stemmeretten – stem gjerne på førehand for å vera sikker på at ein får gitt si stemme i årets stortingsval, seier ordføraren.

Har du bestemt deg? Det er mogleg å stemma på førehand fram til 10. september.
Det merkast at pågangen for å stemma før valet er større denne gongen. Ved tidlegare stortingsval har det vore nok med eitt avlukke såpass tidleg i perioden.
Powered by Labrador CMS