nyhende
Handla mindre i juni
Omsetningsvolumet i detaljhandelen gjekk ned med heile 5,1 prosent frå mai til juni, viser sesongjusterte tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).
– Når vi ser uvanleg stor endring ein månad, ser vi gjerne ein korreksjon i månaden som følgjer. For mai såg vi ein spesielt sterk vekst, der vi må tilbake til pandemien for å finne tilsvarande endringstal, seier førstekonsulent Edvard Garmannslund i SSB.
Tala for mai var prega av underliggjande høge omsetningstal rapporterte frå detaljhandelen, men også uvisse i berekninga knytt til at det var ein del offentlege fri- og heilagdagar tett opp mot helgane, opplyser SSB.
– Kraftig nedgang
Tala for juni ligg på eit venta nivå, og dei sesongjusterte tala for andre kvartal viser ein vekst i omsetningsvolumet på 1 prosent frå første kvartal.
– Omsetningsvolumet for juni fell tilbake mot ein relativt flat trend vi har sett dei seinaste månadene, og vi får dermed ein kraftig nedgang frå toppen i mai, seier Garmannslund.
Basert på junitala blir dermed klassifisert mai-verdien som ein ekstremverdi av sesongjusteringa. Dette fører også til at veksten frå april til mai blir revidert opp frå 3,2 til 4,7 prosent.
Likevel har juni i år vore ein svakare salsmånad enn juni i fjor.
– I juni kom mesteparten av den samla nedgangen for detaljhandelen frå daglegvarebutikkar og klesbutikkar. Dette er dei same næringane som stod for mesteparten av veksten i mai, seier Garmannslund.
– Kjøpsfesten avblåst
– Vi går frå nær ein historisk oppgang førre måling i mai til ein historisk nedgang no i juni. Det har ikkje skjedd noko i økonomien som tilseier sånne enorme skifte. Derfor kan eg ikkje sjå andre forklaringar enn at SSB slit med å måle dette skikkeleg, seier sjeføkonom Kyrre M. Knudsen i Sparebank 1 SR-Bank til NTB.
Viss ein ser begge månadene under eitt, viser det ein meir dempa utviklinga i handelen enn det ein skulle tru, påpeikar Knudsen.
– Denne korrigeringa er uansett bra for rentebanen. Dette tyder definitivt ikkje på den kjøpefesten som mai-tala antyda. Den ville skapt store utfordringar for Noregs Bank og alle som håpar på rentekutt denne hausten. Derfor kan vi seie at kjøpefesten heldigvis er avblåsen inntil vidare, seier Knudsen.