nyhende

Gabriel (8) sitt vedutsal stolen frå:

– Han vart kjempeskuffa

Åtteåringen på Auklandshamn jobbar på for å tena eigne pengar. Søndag morgon oppdaga han og mora at nokon hadde forsynt seg frå vedutsalet utan å gjera opp for seg. – Har ikkje ord, seier mor Solveig Leonora Gravelsæter.

Publisert Sist oppdatert

Det var ei stygg overrasking for Gabriel Gravelsæter-Gravdal og mora søndag morgon. På veg ned til sjøen gjekk dei forbi vedutsalet hans og då merka dei at nokre av varane var borte.

– Me sjekka vippsen og ingen pengar hadde kome. Det kom heller ikkje i løpet av dagen, fortel mor Solveig Leonora Gravelsæter.

Dukka opp på Fjon

To fuglekassar og to sekker med ved var stolne. Då la faren Jan Øyvind Gravdal ut kva som hadde skjedd på Facebook, og hendinga fekk raskt respons.

– Ein som hadde vore hjå svigers på Fjon, høyrde at dei hadde oppdaga noko i hagen deira den morgonen. Då køyrde me ut dit og fann begge fuglekassane og den eine sekken, seier ho.

Bebuarane på Fjon hadde ikkje aning om korleis det hadde enda opp i hagen deira, og Gravelsæter forstår det heller ikkje.

– Det tek om lag 20 minutt å køyra frå oss. Det er ikkje eit tun på sida av vegen. Ein må forbi nokre hus for å koma seg dit, seier ho.

Gabriel er skuffa over kva som har hendt ifølgje mora, ikkje minst fordi det ikkje er første gongen.

– Me ikkje ut kva som hadde skjedd då heller. Så tok me vekk skiltet, men det vart sette opp att igjen seinare, seier ho.

Gut med god arbeidsmoral

Opphavet til Gabriel si verksemd er ei kjekk historie om å sjå ljoset i tunnelen. Ei ulukke på gokartbana kor han hamna opp-ned sende guten på sjukehus. Gabriel kom unna det heile med eit skrap på haka, men hjelmen fekk gjennomgå meir. Då valde guten å ta saka i eigne hender og opna vedutsal.

– Han trong pengar for å få råd til ny hjelm, humrar mora.

– Kva sel han?

– Opphaveleg berre ved, men han fann ut at han måtte selja noko meir. Då vart det fuglekassar som han og faren lagar, seier Gravelsæter og legg til:

– Han prøvde å selja påskeliljer, men det gjekk dårleg. Då hugsar eg at han grov dei opp frå hagen og sette dei fram, smiler ho.

– Har han hogd veden sjølv?

– Ja. Han har stått oppi skogen og saga for eigen hand, og så er faren med og tek større tre med motorsag. Den får han ikkje bruka sjølv. Men han kløyver dei sjølv og har sin eigen kløyvar, fortel ho stolt.

Bortreist på oppdrag

Arbeidsviljen til guten er faktisk såpass sterk at han dagen før tjuveriet var bortreist på eit oppdrag.

– Me var og klipte plenen til bestefaren i Etne for at han skulle tena pengar, seier Gravelsæter.

Foreldra er stolte over kor mykje tid og innsats han legg i det heile. Mora fortel det er ein del av oppdraginga, at dei støttar at barna vil tene eigne pengar.

– Me har oppfordra til det heile tida sjølv om det vert noko ekstra arbeid for oss. No vil han jo gjera ting heile tida. Det tenkjer eg er lurt viss dei ynskjer å gjera noko anna enn å berre sitja inne. Det gjer me for dei andre syskena også. Broren har sommarjobb kor han klipper plenar, seier ho.

Har tilsett andre

Faktisk har forretningsanden til Gabriel vorte så sterk at han har byrja å tilsetja andre.

– Han har jo teke med seg kompisar og syskenbarn til å jobba for seg og så gjeve dei løn. Han aktiviserer jo ikkje berre seg sjølv, humrar ho.

– Har de ein liten gründer i hus?

– Ja, det er kjekt med pågangsmotet hans, svarar Gravelsæter.

– Folk bryr seg

Saka enda bittersøtt heilskapleg sett. Familien fekk mange støttemeldingar og tips frå folk, noko dei set pris på. Ein person tilbaud til og med å erstatta den tapte inntekta til guten deira.

– Me tok ikkje imot det, men det er kjekt å få tilbodet. Det viser at folk bryr seg, og at det ikkje berre er styggingar om kring, seier ho.

Ei anna side av saka som gjer den ekstra trist er at ein av fuglekassane hadde vorte heimen til nokon før den vart stolen.

– Eg har vondt av dei fuglande som var i kassen. Dei er nok daude no. Dei flytta inn der tidlegare, fortel mora.

– Eg har ikkje ord

Tilbake står ein åtteåring som rett og slett synest det heile er veldig dumt, og håpar det kan gjerast noko med.

– Han vert kjempeskuffa når nokon stel det han hadde jobba for. Han likar å halda på med slikt, men mister lysten samstundes når sånt skjer, seier ho.

– Kva ville du ha sagt til dei som stal?

– Eg har ikkje ord for det. Er de klar over at dei stal frå ein unge? Eg ville sett korleis dei reagerte, og om dei gjorde opp for seg, svarar Gravelsæter.

Powered by Labrador CMS