nyhende
Han bur ikkje i Sveio, men vart mest lest likevel
Saka om reklamefilmen som plutseleg har sett Sveio på kartet for hundretusenar av tv-sjåarar vart den mest leste på nettavisa til Vestavind i august.
Sveibuen likte godt Vestavind sitt intervju med skodespelaren i reklamefilmen til Finn.no som for tida går sin sigersgang både på fjernsyn og i sosiale medier.
Saka var den mest leste på Vestavind si nettavis i august.
Like bak følgde saka om den nyte butikksjefen på Coop sin Extra-butikk i Sveio, Rebekka Lye.
Offentlege søkjerliste er også populært lesestoff, og i august var det særleg interesse hos lesarane for å sjå kven som har søkt på stillinga som leiar for samfunnsutvikling i Sveio kommune.
Intervjuet med to av dei tidlegare styremedlemmane i Sveio Bufellesskap, som er saksøkte for milionbeløp, vekte også stor interesse hos lesarane.
Saka frå Auklandshamn skule som i år kunne starte opp med SFO igjen var populær blant Vestavind-lesarane.