nyhende
Halvvegs med omfattande trafikksikring
Arbeidet med å oppgradera E39 på strekninga Drange-Hanaleite er omtrent halvvegs, målt i tid. Anleggsarbeidet starta i september i fjor og skal vera fullført i mai 2025.
– Kanskje er me ferdige litt før, men me vil venta med dekkelegging til litt ut på våren for å få lagt asfalt av beste kvalitet, seier prosjektleiar Steffi Bartel.
Ekstrakostnader
Kva prislappen blir til slutt, har ho ikkje full oversikt over i dag. Anlegget var kalkulert til 45 millionar kroner i 2022. Då var tilrettelegging av gang- og sykkelveg med i prisen.
Seinare er det bestemt å byggja 800 meter fullt ferdig asfaltert gang- og sykkelveg frå den kommunale vegen frå Hanaleite (gamle Hanabrekko) og ned til Rødspollen. Veglys har også kome i tillegg.
Dessutan har anleggsarbeidet avdekka fleire øydelagde stikkrenner som har kravt utbetring. Dette siste har både medført auka kostnader og forlegga anleggsperiode, fortel Bartel.
Trafikksikring
Heile strekninga som blir oppgradert, er på 1.800 meter. Her er det snakk om forsterka vegoppmerking, sideterrengtiltak og breiddeutviding. Saman med veglys er dette tiltak for å redusera talet på møteulukker og utforkøyringar, heiter det i Statens vegvesen sin omtale av prosjektet på nett.
Busshaldeplassar blir også oppgraderte. Utvidingane har kravd omlegging av ein del kraftliner. Fagne har i den samanhengen nytta sjansen til å erstatta nokre luftspenn med kablar i bakken, fortel Bartel.
Det er ikkje lagt nye kommunale vass- eller avløpsleidningar langs vegen i samband med oppgraderingsarbeidet.
For gåande og syklistar
Med bygginga av den nye gang- og sykkelvegen på delar av strekninga, blir det mogleg å gå eller sykla frå Førde til Sveio sentrum utan å koma ut på E39.
– Det blir ikkje samanhengande asfaltert sykkel- og gangveg, det hadde me ikkje råd til. Men etter forslag frå lokale grunneigarar har me fått nytta ei feundergang og laga ein gruslagt tursti som som det er mogleg å gå eller sykla på, og som knyter gang- og sykkelvegane saman, fortel Bartel.
Rosar grunneigarane
Ho rosar grunneigarane for godt samarbeid og kreative løysingar.
– Arbeidet som blir utført mellom Drange og Hanaleite tilsvarar det som tidlegare er gjort nord for Førde. Det er ikkje liknande planar for andre strekningar på E39 gjennom Sveio, opplyser prosjektleiaren.
– Kvifor brukar Statens vegvesen så mykje pengar på oppgradering når det samstundes blir arbeidd med planar for heilt ny, firefelts E39 gjennom Sveio?
– Det er framleis ei god stund til den nye firefeltsvegen kjem. Dette er trafikksikringstiltak for å hindra alvorlege ulukker, sier Bartel.
Hovudetreprenør
Sveioselskapet Birkeland AS er hovuentreprenør på prosjektet. Kor mange tilsette og kor mange maskinar entreprenøren har på anlegget varierert litt frå periode til periode, fortel Bartel.
Nett då me snakka med henne var åtte-ti Birkeland-tilsette i arbeid med ulike oppgåver mellom Drange og Hanaleite.