nyhende

Å vite kven ein er halvsøsken med er viktig for mange donorunnfanga, seier Marianne Aasen i Bioteknologirådet.

– Halvsøsken bør få finne kvarandre

Bioteknologirådet meiner halvsøsken som er unnfanga med same donor, bør få høve til å finne kvarandre.

Publisert Sist oppdatert

– Vi meiner at halvsøsken som er unnfanga med same donor, bør få høve til å finne kvarandre i det offentlege egg- og sæddonorregisteret, seier Marianne Aasen, leiar i Bioteknologirådet., i ei pressemelding.

Føreset samtykke

Bioteknologirådet si tilråding føreset at dei donorunnfanga i registeret har gjeve eit aktivt og gjensidig samtykke.

– Både forsking og innspel vi har fått frå donorunnfanga og familiane deira viser at det er viktig for mange å vite kven ein er halvsøsken med. Både fordi det gir høve til å knyte band til biologiske halvsøsken, men også fordi det kan finnast halvsøsken i inntil fem andre familiar i Noreg. Tidlegare praksis med anonym donor har vist at det er mogleg at ein omgåst halvsøsken i det daglege utan å vite det, seier Marianne Aasen.

Frå 15 år

Det norske egg- og sæddonorregisteret gir i dag dei som vart unnfanga med donor i Noreg etter 2005 høve til å finne namn og fødselsnummer til donoren sin ved å logge inn på Helsenoreg når dei blir 18 år. Frå 2035 vil dei få tilgang til informasjonen når dei er 15.

Men dei får ikkje informasjon om andre som er unnfanga med same donor, og kven eller kor mange genetiske halvsøsken dei har i Noreg.

– Det er ikkje sikkert at alle som er unnfanga med donor, ønskjer å finne halvsøskena sine, eller å bli funnen, og Bioteknologirådet meiner derfor at ei aldersgrense på 15 år balanserer behovet til barnet for å kjenne til donorhalvsøsken og prinsippet om at den donorunnfanga sjølv skal ta valet om å få informasjon eller ikkje, seier Aasen.

Powered by Labrador CMS