nyhende
Halvparten av veljarane i Vestland seier nei til vindkraft
Halvparten av dei spurde stiller seg negative til utbygging av vindkraft i Vestland fylke, viser ei måling før valet. Ein tredel svarer dei er positive.
Det er i ei måling Respons har utført for Bergens Tidende blant 800 veljarar i Vestland fylke, at 50 prosent seier nei til bygging av nye vindkraftverk.
Vindkraft står sentralt i valkampen i mange vestlandskommunar. Industrien pressar på for å byggje ut meir landbasert vindkraft, men skepsisen er stor mange stader.
Størst motstand i Sp og Raudt
I målinga for BT går det fram at motstandarane er i fleirtal i alle parti bortsett frå i Arbeidarpartiet, Høgre og Venstre. 43 prosent av Ap-veljarar stiller seg positive til utbygging, medan 39 prosent er negative.
I Høgre svarer like mange seg negative som positive, med 42 prosent på kvar side. Der svarer 16 prosent at dei ikkje veit korleis dei stiller seg.
Heile 68 prosent av veljarane til Senterpartiet og 69 prosent av Raudts veljarar seier nei til utbygging av vindkraft. Blant Framstegspartiets veljarar seier 63 prosent at dei er negative, medan 57 prosent av MDGs veljarar svarer det same.
Dei under 30 år mest positive
Også blant veljarane som enno ikkje er sikre på kva parti dei skal stemme på i fylkesvalet, er det eit klart fleirtal av motstandarar av ny vindkraftutbygging.
Det er dei som er under 30 år som er mest positive til vindkraft. Blant dei mellom 45 og 59 år skepsisen størst og heile 62 prosent svarer at dei negative til utbygging.