nyhende
Halvparten av norske barn brukar pengar i dataspel
Ein ny studie utført av Ipsos for Blå Kors avslører urovekkjande trendar i barn og unge sitt forhold til pengebruk i dataspel.
Undersøkinga viser at halvparten av barn og unge mellom 8 og 19 år har brukt pengar på kjøp i dataspel det siste året, skriv Blå Kors i ei pressemelding.
8 prosent av dei unge meiner at gaming har gjort dei meir interesserte i pengespel. Undersøkinga avdekkjer òg at mange unge blir påverka av sosiale medium og vener når det gjeld kjøp i spel. 4 av 10 seier at vener sine kjøp påverkar dei til å gjere det same.
Magnus Eidem, avdelingsleiar i Blå Kors speleavhengnad, uttrykkjer bekymring.
– Vi bør bli meir medvitne på at mange barn og unge ser på influensarar som opnar lootboksar og kjøper innhald i spel. Dette kan fungere som triggarar og viser ofte ikkje eit realistisk bilete, seier Eidem.
Eit anna urovekkjande funn er at 60 prosent av tenåringar i alderen 16–19 år seier dei aldri har snakka med foreldra sine om pengebruk i spel.