NPK-NTB: Halvparten av lærarutdanna jobbar på ein grunnskule eller vidaregåande skule, viser tal frå SSB. Nesten 80 prosent jobbar ein stad der utdanning er relevant.
– Nesten fire av fem sysselsette med lærarutdanning jobbar i skuleverket, skulesektoren eller andre næringar der utdanninga er relevant, seier førstekonsulent Emmie Stolpe Foss i SSB.
Dei som skil seg ut er dei med fag- og yrkeslærarutdanning. Dei har lågast del av sysselsette som arbeider i skuleverket med berre 53 prosent. Det same gjeld dei med praktisk-pedagogisk utdanning, som også i mindre grad jobbar i skulen.
Foss trur det er fordi desse tre lærarutdanningane krev ei utdanning eller kvalifikasjon i tillegg som ofte er retta mot andre yrke og næringar enn undervisning.
Av dei som ikkje jobbar i skuleverket jobbar fleirtalet i helse og sosialtenester, ifølgje SSB.