nyhende
Hærverk på Loknakvedno
Nyleg oppdaga Egil Lokna eit kjend syn. Nokon har utført hærverk på bekkakverna på Loknakvendo – Eg synest det er synd at ingenting får stå i fred, seier Lokna.
– Eg går innom viss eg er i nærleiken, så mogelegvis litt sjeldnare enn ein gong i veka, seier Egil Lokna.
Han var byggmeister for ein dugnadsgjeng som restaurerte Loknakvedno frå 2014 og utover.
Saman med Arne Utne, Reinert Olav Reinertsen og Olav og Nils Lokna har han sørga for å gje nytt liv til lokal kulturhistorie.
Handmakt
Det har skjedd hærverk før ,men er lenge sidan sist. Difor håpa han at det var siste gong, og så var han innom på søndag.
– Det har vore nokså fredeleg i lang tid, men no er det slutt, seier han oppgitt.
Lokna viser øydelegginga som har funne stad. Både vatnlåsane og slusene har fått gjennomgå.
– Ei sluse vart riven laus og kasta ned i bekken. Metallhengslene er bøygde, så det må ha vore verkeleg handmakt for å få det til, seier han.
Vatnlåsen til kverna festa han att måndag, for der bør det ikkje renna vatn utan at den er i bruk.
– Eg trur dei prøvde å få kverna i gong, seier Lokna.
Fleire store steinar frå dammen har vorte kasta ned i bekken. Eit støypt fundament til vatnlåsen er øydelagt, og lause steinar ligg over fundamentet.
– Har de meldt hærverket til politiet?
– Ikkje denne gongen, og det er ikkje noko vits. Dei gjer jo ikkje noko med saka, seier Lokna.
Håpar dei står fram
Han tenkjer å sjå på korleis det øydelagde kan fiksast. Men først må naturen spela på lag.
– Me må ha låg vasstand for å kunna rydda opp. Og så treng me nytt beslag og nye hengsler. Og ikkje minst må me rydda bort steinen som ligg oppå fundamentet for å kunna festa vatnlåsen igjen, seier han.
– Har du nokon mistanke om kven som kan ha gjort det?
– Nei. Det er mykje folk som fer her og på andre sida av vegen hjå Storevatnet. Men utifrå korleis det ser ut, så må det ha vore nokon frå 14 år og oppover, seier Lokna.
– Om dei som står bak står fram, kva ynskjer du av dei?
– At dei skal gjera opp for seg, og hjelpa til å reparera, svarar han.
Har slutta å låsa
Sjølve bygget har dei slutta å låsa for lenge sidan, og det er fordi dei ikkje vil at nokon skal bryta seg inn. Då er det betre at det står ulåst. Men også der er det folk som går inn utan å rydda etter seg.
Lokna summerer kjensla han sit att med.
– Det er synd at ingenting får stå i fred, seier han.