nyhende
Hadia Tajik tar ikkje attval
Hadia Tajik (Ap) kjem ikkje til å stille til val til ein ny periode på Stortinget, men seier at ho neppe gir seg heilt med politikk.
Det skriv ho i eit Facebook-innlegg fredag.
– Eg har komme til at eg vil takke nei når Rogaland Arbeidarparti startar arbeidet sitt med lista for neste stortingsval.
– Fram til 2025-valet sit eg på Stortinget og vil skjøtte ansvaret samvitsfullt, seier ho.
Tida får vise kva ho skal gjere frå hausten 2025, skriv ho.
Annonse
– Kanskje det blir som advokat eller i andre roller. Og kjenner eg meg sjølv rett, så gir eg meg neppe heilt med politikk.
Tajik har vore nestleiar i Arbeidarpartiet og vart utnemnd til arbeidsminister i Støre-regjeringa. I mars 2022 gjekk ho av som statsråd etter saker om pendlarbustad og skatteforhold.