nyhende
Guro Røher: – Me bada i Viksevika heile sommaren
Guro Røher Eriksen er dagleg leiar ved Sveio Frivilligsentral.
Kva er det beste du veit med sommaren?
– Fint vêr. Fint vêr og fridom.
Har du ein eller fleire sommartradisjonar du alltid må gjera?
– Eg må tenkja litt … Nei, kva reknar me som tradisjonar, eigentleg? Kanskje – Drømmesommar. Det har jo blitt ein tradisjon, men då er eg jo på jobb. Når eg har ferie, så er det vel å vera på hytta i Auklandshamn.
Kva er ditt beste sommarminne?
– Det må vera frå då eg var liten, då me bada i Viksevika heile sommaren.
Kva er din favorittsommarmat og/eller -drikke?
– Grillmat og ei kald øl. Det høyrer saman, det.
Kva skal du bruka sommaren på i år?
– Eg skal vera på hytta, og så blir det ei veke på Kreta med familie og svigerfamilie. Det blir kjekt!
Kva er din draumeferiedestinasjon og kvifor akkurat dit?
– Italia – fordi eg aldri har vore der før, så det står høgt på lista. Ikkje nokom spesifikt stad, eigentleg. Kunne tenkja meg ein familietur med sjø og strand, eller ein vaksentur til ein vingard.