nyhende
Har fremja Fartein Valen sin musikk i 45 år:
Gunnar Johan Løvvik heidra
Gunnar Johan Løvvik blei fredag heidra og takka for 45 års innsats for å fremja kunnskap om komponisten Fartein Valen og musikken hans.
Det skjedde på eit styremøte i Fartein Valen-stiftelsen, det siste som blei leia av Løvvik. Møtet blei halde i Valenheimen i Valevåg. Etter velkomstord frå huseigar Fartein Valen-Sendstad heldt Løvvik eit lite historisk tilbakeblikk.
Initiativ frå Ivar Folgerø
– Eg var nettopp blitt kinosjef og kultursekretær i Haugesund. Den musikkinteresserte bankmannen Ivar Folgerø var leiar i kulturutvalet. Han tok med med til Valevåg, der eg fekk mitt første møte med Valenheimen.
I Valevåg møtte dei Magne Valen-Sendstad, far til noverande eigar og nevø av komponisten. Spørsmålet dei tok opp var om dei kunne etablera ein musikkfestival i Fartein Valen sitt namn. Det fekk dei full fridom til under føresetnad av at Fartein Valen sin musikk kom fram i lyset.
– Heilt frå starten blei dette etablert som eit samarbeid mellom Sveio og Haugesund. Me kalla det Fartein Valen-dagane til å byrja med. Etter nokre år fekk me mot til å kalla arrangementet for Fartein Valen-festivalen, minnest Løvvik.
Nye partnarar
Fartein Valen-stiftelsen i Sveio og Haugesund blei etablert i 2003 gjennom eit samarbeid med det tidlegare Fartein Valen-selskapet i Oslo. Dette selskapet blei lagt ned og midlane deira overførte til den nye stiftinga som blei registrert hos Fylkesmannen i Rogaland. Føremålet blei formulert slik:
«Å fremme kunnskap om komponisten Fartein Valen, hans liv og musikk, og å stimulere til fremføring av hans verker.» Løvvik blei styreleiar og har vore det heilt til no. No overlet han denne oppgåva til Håvard Tvedte og er trygg på at arbeidet vil bli ført vidare på ein god måte.
Frå starten av blei festivalen administrert av Løvvik frå Haugesund. Seinare overtok Ole Jørgen Furdal som festivalsjef og hadde denne oppgåva i mange år. Etter at Furdal blei pensjonist, kom Podium-festivalen inn som ny samarbeidspartnar. Festivalane er no slått saman til Podium Fartein Valen Internasjonale Musikkfest. Etter dette har ikkje stiftinga lenger noko direkte med festivalprogrammet å gjera, men vil framleis arbeida for å gjera Valen sin musikk kjent og utvikla bruken av Valenheimen i samarbeid med eigarane.
Gåver og takk
Etter Løvvik si innleiinga samla styret seg i daglegstova, der sveioordførar André Mundal Haukås takka den avtroppande styreleiaren for innsatsen og overrekte blomar på vegne av styret, medan Haugesund ordførar Nils Konrad Bua overrekte eit maleri.
Også vertskapet i Valenheimen, Fartein Valen-Sendstad og Sølvi Vinnes, takka for eit langvarig samarbeid.
– Du er ein maratonløpar i kulturkampen. Eg er så imponert. Me har gjort utruleg mykje saman gjennom 42 år. Først var eg med som representant for far, seinare som eigar, sa Valen-Sendstad mellom anna i si helsing.
Vertskapet si gåve var Jan Olav Gatland si rykande ferske bok «Fartein Valen – annleis enn dei andre».
– Stor nasjonal sak
– Då me starta for 45 år sidan forsto eg ganske snart at dette var ei stor sak, ikkje berre for nærmiljøet, men også for heile nasjonen. Det var jo også føremålet. Me har hatt mange flotte konsertar, også med nyare musikk som er inspirert av Valen. Og mange har fått eit nytt sin på Valen sin musikk gjennom dette arbeidet, seier Løvvik til Vestavind før styret heldt fram med meir ordinære saker.
Nye namn i styret
I styret til stiftinga finn ein nå fleire nye namn, i tillegg til den nye styreleiaren. Nyvald representant frå Munor i Haugesund er Siri Kval Ødegård, og frå familien Valen-Senstad skjer det eit generasjonsskifte då son til Fartein og Sølvi går inn styret som familiens representant, Sondre Vinnes Valen-Senstad. Av lokale namn er også Linn Therese Erve vald som personleg vara for Håvard Tvedte.
– Det er stas at den nye styreleiaren er lokal, saman med familien bur han ikkje meir enn to steinkast unna Valenheimen utspringet til heile stiftinga. Eg gler meg over å høyre den entusiasmen som har han overfor vervet, korleis ein også framover skal gjera Valen sin musikk kjend, og i det heile ser eg verkeleg fram til samarbeidet i styret, seier Sveio ordførar, André Mundal Haukås.