nyhende
Gult nivå i Sveio-skulen
Smittepresset er høgt, og Sveio kommune innfører gult nivå på alle skulane frå og med måndag til og med litle julaftan.
Det skjer etter at kommuneoverlege Ståle Andreassen fredag fatta eit hastevedtak om innføring av gult nivå frå måndag 13. desember til og med torsdag 23. desember.
Omikron på Haugalandet
Det er høgt smittetrykk i Sveio kommunen. Dei siste 14 dagar ligg ein på eit nivå med 1034 korona- smitta per 100 000 innbyggar, heiter det i ei melding frå Sveio kommune.
— Ein har i siste smittebølge sett at barn utgjer ei forholdsvis stor del av de smitta. Sist veke er i overkant av 50 prosent av dei smitta under 18 år, og det er avdekka smitte med omikronvarianten av koronaviruset i bu- og arbeidsregionen som Sveio kommune er ein del av, heiter det i meldinga, kor det også blir lagt vekt på at det tidvis er lang forseinking frå påvist smitte til eventuelt svar om omikronvariant blir klarlagt.
Ifølgje Haugesunds Avis var det fredag ettermiddag funne tre tilfelle av den svært smittsame omikron-varianten i Karmøy, og eitt tilfelle i Vindafjord. Det er grunn til å tru at fleire i regionen er smitta av denne varianten.
Stort press i Sveio
Sveio kommune sin kapasitet for smittesporing og testing er pressa, og det vil vera problematisk å tola vidare auke av smitte.
— Mistenkt eller bekrefta smitte med omikronvariant medfører omfattande testregime og karantenesetting. Dette vil i tillegg til å belasta TISK (testing, insolasjon, smittesporing og karanten)-apparatet ytterlegare utover tolegrensa, kunna gi betydelege konsekvensar for oppretthald av samfunnsfunksjonar. I denne samanheng er det avgjerande å unngå utstrokke smitte i skulen, då talet på nærkontaktar i skulesamanheng i utgangspunktet er svært høg, skriv kommuneoverlegen.
Gult nivå vil kunne forebygge både unødig ustrakt karantenesetting av barn og unødig testing av barn, samstundes som det kan bidra til at føresette vil kunna fortsetta å vera til stades på arbeid. Det vil òg bidra til å oppretthalda ein forsvarleg TISK-kapasitet.
Kohortar
Det ligg føre på noverande tidspunkt ei mellombels nasjonal anbefaling om å avgrensa sosiale arrangement til same klasse/kohort. Gult nivå vil òg vera noko meir ressurskrevjande for skulen med tanke på drift. Ein positiv konsekvens for barna er at gult nivå kan medføra mindre inngripande karantenesetting ved påvising av smitte med omikronvarianten, heiter det i meldinga.