nyhende

Nord-Noreg får fint ver i helga og til veka. I sør vert det våtare.ARKIVFOTO: IRENE FLATNES HALDIN
Nord-Noreg får fint ver i helga og til veka. I sør vert det våtare.

Gult farevarsel: Ventar mykje nedbør

Kraftig regn, snøfokk og mykje vind er noko av det som ventar Sør-Noreg dei neste dagane. I nord har allereie uvêr skapt problem for både bilar og flytrafikk.

Publisert Sist oppdatert
NPK-NTB: Frå Dirdal i Rogaland til Florø i Vestland er det venta mykje regn fredag ettermiddag og kveld, og det er sendt ut gult farevarsel i heile området.
Det kan lokalt komme over 60 millimeter i løpet av tolv timar. Snøgrensa er 400–600 meter over havet først på dagen, men stig så til 600–800 meter etter kvart.

– Enkelte stader vil nedbøren først komme som snø, før han etter kvart går over til regn. Det vil lokalt bli is på vegane som følgje av regn som frys på kald bakke, er åtvaringa.

Også i resten av landet gir vêret utfordringar.

Flytrøbbel i nord

Ved 13.30-tida torsdag bles det såpass mykje i Finnmark at flyselskapet Widerøe ikkje kunne lande på tre av flyplassane.

– Det røskar godt i Finnmark. I Vardø, Berlevåg og Honningsvåg er det mykje vind, seier kommunikasjons- og samfunnskontakt i Widerøe, Silje Brandvoll, til iFinnmark.

I Vardø landa ikkje morgonflyet, men vart dirigert vidare til Vadsø. Det same skjedde i Honningsvåg, der morgonflyet vart dirigert vidare til Hammerfest, skriv avisa.

For bilistane blir uvêret merka mellom anna ved at E6 Saltfjellet i Saltdal/Rana stengt. Her skal det gjerast ei ny vurdering klokka 18. Vegtrafikksentralen Nord melde klokka 14.15 at E6 Mjåvatnet er stengd på grunn av uvêr.

Snøskred og snøfokk

Varslingstenesta Varsom.no har sendt ut farevarsel på nivå tre for snøskred for Vest-Finnmark, Nord-Troms, Lyngen, Tromsø og Indre Troms. Dette gjeld torsdag og fredag.

Lenger sør er det sendt ut farevarsel på gult nivå.

– Frå fredag ettermiddag er ny runde venta med snøfokk i fjellet på grunn av sterk vind og snø, varslar meteorologane , som har sendt ut gult farevarsel.

Skal ein ned frå fjellet før nyttårsaftan, er det best å køyre første del av fredag. Oppmodinga er klar og tydeleg:

– Køyr forsiktig, og ha med nok mat, drikke og varme klede i bilen.

I delar av Troms og Finnmark er venta det kraftige vindkastet gjennom natta. Det kan komme vindkast på 30–35 meter per sekund. På kysten blir det sterk kuling til liten storm, og full storm i fjellet.

I Troms løyar vinden utpå ettermiddagen fredag, medan det i Finnmark blir tidleg kveld før vinden stilnar.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS