nyhende

Johannes Sigfred Andersen også kalla «Gulosten» (1898 – 1970) var med i Kompani Linge under andre verdskrigen. Her signerer han boka om livet sitt, «Vi kommer oss» i 1947. Foto: TH. Skotaam / Aktuell / NTB / NPK
Johannes Sigfred Andersen også kalla «Gulosten» (1898 – 1970) var med i Kompani Linge under andre verdskrigen. Her signerer han boka om livet sitt, «Vi kommer oss» i 1947.

Gulosten – drapsmann, motstandsmann og kongevenn

Natt til 3. juli 1945, nesten to månader etter at Tyskland kapitulerte, skaut og drap ein norsk soldat to uvæpna tyske offiserar i Vadheim i Sogn. Mannen vart aldri straffa for dei to drapa. Mange har meint at både regjeringa og kong Haakon heldt handa si over han.

Publisert Sist oppdatert

Soldaten som skaut dei to tyskarane var Johannes S. Andersen, mest kjend under tilnamnet Gulosten. Han var den kriminelle gjengangaren som vart med i Kompani Linge under krigen, og som gjorde ein stor innsats i kampen mot okkupasjonsmakta.

Kong Haakon vart kjent med Gulosten i London under krigen, og dei to hadde kontakt også etterpå. Historikar og kongebiograf Tor Bomann-Larsen seier til Nynorsk pressekontor at det ikkje er tvil at kongen hadde stor sympati for krigshelten også etter krigen, trass i at han gjorde seg skuldig i dobbeltdrapet på dei to tyskarane.

– Det kan vere trass i desse drapa, men det kan også vere på grunn av dei, seier Bomann-Larsen. Han legg til at kongen ikkje var spesielt kjenslevar når det gjaldt tyske soldatar.

Då han arbeidde med biografien om kong Haakon og dronning Maud fann han dokumentasjon i dagbøkene til kongen om at dei to hadde møttest minst to gonger i London under krigen, og minst to gonger etter krigen.

Han synest det er å trekkje det litt langt at dei to var venner, men meiner at dei heilt klart kjende kvarandre.

Massegrav på Grini

Før dei fatale skota i Vadheim, fekk Gulosten vite at liket av kona hans var funne i ei massegrav på Grini i Bærum. Ho vart avretta av tyske soldatar i 1944, medan ho sat i fangenskap for motstandsarbeid.

Gulosten forklarte sjølv etter dobbeltdrapet i Vadheim at kona sin død tok fullstendig knekken på han, og at hatet mot tyskarane vart endå sterkare. Dette kombinert med tung alkoholrus førte til det han sjølv kalla ei forferdeleg ulykke.

Det er skrive fleire bøker om Gulosten, den første var ein sjølvbiografi som kom i 1947. Det er også laga ein dokumentarfilm, og namnet hans dukkar stadig opp i aviser og andre mediekanalar.

Johannes Sigfred Andersen også kalla Gulosten (1898 – 1970) var med i Kompani Linge under andre verdskrigen. Her i 1947 med flagget frå MTB 715, som gjekk ned i i Fosnavåg i Møre og Romsdal 19. mai 1945 etter ein eksplosjon i motorrommet.

Drapa i Vadheim

Historikarar har hatt friske diskusjonar om det faktum at han ikkje vart tiltalt for drapa i Sogn, og kva som gjorde at han aldri vart dømt for dette. For det er ingen tvil om at det som skjedde denne julinatta var i strid med alt av lover og internasjonale konvensjonar.

Vi veit at Gulosten tenestegjorde for Kompani Linge på ein norsk motortorpedobåt stasjonert i England under krigen. Etter avmønstring og retur til Noreg fekk han altså beskjeden om at kona var torturert og seinare drepen av tyskarane. Han kjenner at han må ut av Oslo, og han reiser til Bergen der han mønstrar på ein annan motortorpedobåt.

På eit tokt oppover vestlandskysten er dei innom Vadheim. Saman med eit par andre om bord hamnar Gulosten på fest. Når det er slutt på drikkevarene, startar jakta på meir brennevin. Med ein Tommy Gun, ein amerikanskprodusert maskinpistol, over skuldra tek Gulosten seg inn i leiren der fleire tyske offiserar er internerte, på jakt etter noko meir å drikke på.

Tyskarane nektar for å ha drikkevarer. Det utviklar seg til ein krangel, og det endar med at Gulosten skyt og drep dei to tyske offiserane. Saka blir etterforska, og det blir på eit tidspunkt ferda ut ein tiltale. Krigsadvokaten rådde likevel til at det ikkje vart reist sak.

Påtaleunnlating – ikkje tiltale

Det endar med ei påtaleunnlating, som blir gitt med vilkår om at Gulosten ikkje gjer seg skuldig i nye brotsverk dei neste to åra. Saka vart lagt fram av forsvarsminister Jens Chr. Hauge i statsråd på Slottet 25. april 1947.

Gulosten var dermed offisielt frikjent for dobbeltdrapet

Mange har meint at frikjenninga var ein rettsskandale. Det har vore fleire teoriar om kva som låg bak avgjerda. Det har vore sagt at det var vennskapen med kong Haakon som gjorde utslaget, og at kongen blanda seg direkte inn i rettsprosessen. Tor Bomann-Larsen fortel at han ikkje har funne dokumentasjon på at kongen verkeleg blanda seg inn, men at han heller ikkje ser heilt bort frå at det kan ha skjedd.

Andre meiner at forsvarsministeren, som var sjef for dei norske motstandsstyrkane under krigen, hadde interesse av at Gulosten ikkje fortalde det han visste om ein del av det som skjedde, blant anna likvideringar av folk som samarbeidde med okkupasjonsmakta.

Johannes Sigfred Andersen, også kalla Gulosten, vart stilt for retten i 1954, tiltalt for tjuveri av trevarer. Han vart frifunnen, medan den medtiltalte (t.v. på biletet) vart dømt. Foto. NTB-arkiv / NTB / NPK

Tok livet av angivar

Gulosten har sjølv fortalt at han tok livet av ein norsk angivar i Oslo. Her var også kona hans delaktig, og dette var truleg årsaka til at ho vart arrestert av tyskarane og seinare avretta.

Journalist og forfattar Egil Ulateig meiner Gulosten ofte har blitt framstilt som ein «sjarmerande forbrytar», av typen som er lett å like. Etter hans meining kunne Gulosten vere svært valdeleg, nærmast sadistisk.

Ulateig seier dette etter å ha snakka med fleire av dei som samarbeidde med Gulosten under krigen, og andre som kjende han godt, under arbeidet med boka «Med rett til å drepe», som handla om likvidasjonane som Heimefronten stod bak under krigen. Han er ikkje i tvil om at fleire av drapa var i strid med dei internasjonale reglane for framferd i krig.

– Gulosten var populær hos dei som sat i London og avgjorde kven av dei nazivenlege angivarane i Noreg som skulle avrettast. Han hadde ikkje problem med å ta livet av folk, og saka der han saman med kona lokka ein angivar og krigsprofitør i ei felle, var eit klart brot på dei reglane som gjeld for framferd i krig, seier Ulateig til NPK.

Takknemlege sjefar

Ulateig trur Jens Christian Hauge og dei andre Milorgtoppane, som sat i sentrale posisjonar i Noreg etter krigen, var takknemlege for innsatsen Gulosten gjorde på dette feltet. Og at det var medverkande til at drapssaka i Vadheim vart lagt bort.

Johannes Sigfred Andersen levde så langt frå det som blir rekna for eit normalt liv som det er mogleg. Han opererte heile livet på begge sider av lova, men ved å lese både hans eigen sjølvbiografi og dei andre bøkene om han, så dannar det seg eit bilete av ein mann med svært mange sider.

Han hamna tidleg på skråplanet. Som barn vart han sendt på forbetringsanstalt, først på Toftes Minde på Helgøya i Mjøsa. Seinare hamna han på Bastøy, ei fengselsøy i Oslofjorden mellom Horten og Moss.

Hardt arbeid og disiplin

Tanken var å kurere ungdomane frå å bli kriminelle gjennom hardt arbeid og disiplin, men resultatet var at den idylliske øya i Oslofjorden var ein utklekkingsanstalt for kriminelle. Dei eldre gutane lærte opp dei yngre.

Det var truleg på Bastøy Johannes Andersen fekk tilnamnet Gulosten. Mor hans i Oslo brukte å sende pakkar med mat til han, og ho passa alltid på å leggje ved ein gulost. Slik vart namnet hengjande ved han, og han brukte det også sjølv seinare i livet.

Ein dag vart han kalla inn til styraren for ein samtale. Han kunne fortelje at mora til Gulosten var død, og at ho vart gravlagd to dagar tidlegare. Dette får 15-åringen til å gå fullstendig amok inne på styrarkontoret.

Han gløymde aldri at han ikkje fekk sjansen til å vere med i gravferda til mora, som han då sa var det einaste menneske han nokon gong hadde vore glad i.

Han blir overmanna og plassert i isolat. Her startar han ein sveltestreik, og han nektar å ta i seg mat før han blir lova at han kan forlate Bastøya. Etter kort tid får han beskjed om at har fått hyre på eit tremastra seglskip, barken «Lapwing», som låg ved kai i Horten.

Gulosten var kjend for dei dramatiske rømmingane sine. Her frå 1947 då han 49 år gammal viste korleis han stakk av over eit høgt plangjerde ved Akersleva mange år tidlegare.

Sjømannsliv og smugling

I ein alder av 15 år vart han sjømann, og reiste over Atlanterhavet til USA. Mykje tyder på at sjømannslivet gjorde godt, og då han kom attende til Oslo eit par år seinare prøvde han å starte eit lovlydig liv. Han gifta seg, fekk ein son og gjorde det brat som handverkar.

Seinare vart det trongare tider, og han lét seg freiste til å gå inn i den sterkt veksande spritbransjen. Det var blitt forbodstid i Noreg, og det var store pengar å tene for dei som frakta brennevin frå skip som låg utanfor tollgrensa, og inn til land.

Kona hans gjorde det klart at ho ikkje ville tolerere lovbrot, så ho tok med seg sonen og gjekk frå ektemannen.

Gulosten var ein av dei som gjorde det bra i den nye geskjeften. I ein periode hadde han sin eigen båt, og det var gode tider fram til båten sokk. Han var også mannskap om bord på båten til Arthur Antoninsen, ein mann som seinare vart kjend som forfattaren Arthur Omre. Det enda med fengsel for begge to.

Vinningskriminell og gentleman

I åra som følgde dreiv Gulosten med ulike former for vinningskriminalitet, og det var ut og inn av fengsel.

På midten av 1930-talet prøvde han seg igjen som ein ærleg arbeidstakar. Han vart trulova med ei ny kvinne og starta ein verkstad for reparasjon av gamle møblar og gjorde det bra.

Så kom 9. april 1940, og Gulosten var ikkje vanskeleg å be når den gryande motstandsrørsla bad om hjelp. Verkstadlokala hans vart raskt nytta til å lagre illegale våpen, og såleis kom både han og ho som no var kona hans, med i aktivt motstandsarbeid.

På eit tidspunkt å byrja det å gå rykte i Oslo om at Gulosten hadde blitt nazist. Dette kom han for øyre, og han gjekk til naziavisa «Fritt Folk» med krav om å få inn eit dementi. Her stod det: «Vel har jeg gjort mye galt i min tid, men jeg har ikke blitt nazist». Avisa tok det inn utan kommentar.

Sitatet vart også brukt i dei norske radiosendingane frå London, men det førte også til at den tyske okkupasjonsmakta fatta interesse for mannen. Han vart arrestert, og først sat han fengsla i Oslo før han vart sendt til ein interneringsleir i Tyskland. Der var han i eitt år.

Johannes Sigfred Andersen, også kalla Gulosten, fotografert i Oslo i 1968 i samband med at Bjørn Bjørnsen gav ut ei bok om livet hans. Foto. NTB-arkiv / NTB / NPK

Eit tøffare Oslo

Gulosten kom tilbake til Oslo i februar 1942. Då var det blitt tøffare forhold, og han fekk snart i oppgåve å likvidere ein angivar og krigsprofitør. Han gjorde dette saman med kona og to andre medhjelparar. Etterpå flykta dei til Sverige.

For Gulosten gjekk ferda til London, der han vart rekruttert til ei avdeling for spesialoperasjonar innan SOE (Special Operations Executive). Det var ei hemmeleg britisk militæreining som skulle planleggje, leie og gjennomføre undergravingsverksemd og sabotasje mot tyskarane i okkuperte land.

Som ein del av Kompani Linge vart Gulosten sluppen ned over Nordmarka i Oslo i fallskjerm fleire gonger. Han utførte oppdrag i Noreg, før han reiste tilbake til London via Sverige.

Frå 1944 og til krigen var slutt tenestegjorde han ombord på MTB 715, som deltok i raid på norskekysten. Dei senka også fleire tyske marinefartøy.

Med kongeleg hjelp

Etter krigen etablerte Gulosten, med kongeleg bankgaranti i lomma, møbelverkstaden Apenes trevarefabrikk i Horten, som han dreiv fram til han pensjonerte seg.

Han hadde først problem med å skaffe kapital til å byggje fabrikken, sidan bankane var lite lystne på å låne pengar til han. Det ordna seg då han etter ein audiens fekk lovnad om eit personleg lån frå kong Haakon.

Han fortel i sjølvbiografien sin at då han gjekk frå Slottet etter audiensen, hadde han sytten tusenlappar i ein konvolutt med kongeleg monogram på. Det høyrer med til historia at han betalte tilbake kvart øre av lånet. Selskapet hans fekk også oppdrag med oppussingsarbeid på Bygdøy kongsgard i Oslo.

Seinare opplevde Apenes trevarefabrikk tronge tider, og Gulosten var sikker på at dei skulle kome over kneika berre dei fekk investere i ein del moderne maskinar og utstyr. Og igjen skulle kongen bli redningsmann. Denne gongen som kausjonist, slik at Horten og Omegns Bank kunne låte han pengar. Det var ein artikkel i lokalavisa Gjengangeren om dette.

Faksimile frå avisa Gjengangeren i Horten.

Stort sett lovlydig

Ei anna side ved Gulosten var det sterke engasjementet hans for barn som vart dårleg behandla. Det sat sikkert i ryggmergen hans etter opphalda på Toftes Gave i Hedmark og på Bastøya. Han var også kjent som ein glimrande historieforteljar, og det blir fortalt at kong Haakon hadde mora seg stort over forteljingane frå tida på skråplanet.

Johannes Sigfred Andersen døydde i Horten i juli 1970, 72 år gammal. Forfattaren Tormod Halleraker seier det slik i boka han var med på å skrive:

– Gulostens liv er fascinerande. Han var tilsynelatande både skurk og helt, både outsider og inne i varmen.

Andre kjelder: «Gulosten – kjeltring, motstandsmann og kongevenn» av Fredrik Horn Akselsen og Tormod Halleraker, Norsk biografisk leksikon, snl.no

Powered by Labrador CMS