nyhende

Gisle Sørhus, sokneprest i Sveio, er rigga for digitale arbeidsdagar på heimekontoret.
Gisle Sørhus, sokneprest i Sveio, er rigga for digitale arbeidsdagar på heimekontoret.

Gudstenester på Facebook og nett

Kyrkja i Sveio og Filadelfia i Auklandshamn har gjort sundagsgudstenester, talar og andre aktivitetar digitale. Konfirmantane kan til dømes får oppmøtekryss for å sjå gudstenester på Facebook.

Publisert Sist oppdatert

Her finn du dei ulike sidene:

Kyrkja i Sveio på nett

Kyrkja i Sveio på Facebook

Filadelfia i Auklandshamn på nett

Filadelfia i Auklandshamn på Facebook

Den norske kyrkja på nett

Både kyrkja i Sveio og Filadelfia strømma gudstenester sist sundag, og det vil dei halda fram med. Det er ein ny kvardag for både prestar og kyrkjelydar, men det er like viktig å gje tilbod og ha kontakt som før koronaen si tid. Då er digitale løysingar på nettsider og Facebook blitt løysinga.

– Me må ta omsyn til reglar og påbod kring koronaviruset. Soknehuset er til dømes stengt, og prestane har heimekontor. Men me er like opptekne av å ta vare på både fellesskapet og enkeltpersonar. Det må berre gjerast på ein annan måte, seier sokneprest Gisle Sørhus.

Den norske kyrkja har mange digitale tilbod på si nettside, men det viser seg at folk helst nyttar seg av dei lokale tilboda.

Tunge samtalar på telefon

– Me vil halda fram med å leggja ut gudstenester på den nye Facebook-sida Sveiokyrkja. Og både der og på nettsida vår vil det koma oppdateringar og nye ting fortløpande. Me vuderer mellom anna å oppretta digitale møtestadar, som chattegrupper, og ta opp ulike tema, seier Sørhus.

Kyrkja i Sveio har fått ny Facebook-side. Den blir fortløpande oppdatert.

Å møtast under fire auger, er ikkje mogeleg, men prestane er tilgjengelege på telefon.

– Me vil også følgja opp dei me allereie har ekstra kontakt med. Noko av det mest utfordrande er at me ikkje kan møta personar ansikt til ansikt for å ha sørgesamtalar eller gje dødsbodskap. Dette må gjerast over telefon, seier soknepresten.

Ikkje fleire enn 50

Alle gudstenester er avlyst, men kyrkja er open for gravferder. Med smitteførebyggande tiltak og begrensningar.

– Me held oss i utgangspunktet til grensa på 50 personar som kommunen har sett. I mindre kyrkjebygg vil me måtta redusera på kor mange som kan delta for å handla påboda om smittevern, seier kyrkjeverge Ottar Krakk.

Korleis gravferder skal løysast, kjem ein fram til i samarbeid med gravferdsbyrå og familie.

Kan strømma gravferder

– Det me har sagt som eit utgangspunkt, er at gravferder er for dei næraste pårørande. Og me oppmodar om at folk sjølv tenkjer over om det er trygt for dei, og andre, å delta. Er ein i ei risikogruppe eller ikkje i form, bør ein halda seg heime, seier Krakk.

Dersom dei næraste ønskjer det, kan kyrkja strømma gravferda slik at dei som ikkje kan delta kan sjå den på nett.

Når det gjeld bryllaup er det få innmelde fram mot sommaren. Her finn også kyrkja dei beste løysingane i samarbeid med brureparet.

Oppmøtekryss for konfirmantane

For ein del er den digitale kyrkja kanskje uvant, men for konfirmantane er det heilt naturleg. Konfirmasjonen er utsett og blir ein gong etter sommaren. Ungdommane er likevel aktive. Gudstenesta frå Eikeland sist sundag ligg ute på den nye Facebook-sida.

– Det har vore mogeleg for konfirmantane å få kryss for gudstenesteoppmøte ved å sjå gudstenesta og svara på spørsmål. Det er frivillig, men 17 konfirmantar har allereie gjort dette, fortel sokneprest Arild Steinsland.

Kyrkja har fleire planar på gong for konfirmantane.

– Mellom anna planlegg Gisle (Sørhus) «Ung Messe» med konfirmantane neste sundag. Då skal dei få oppgåver som dei filmar. Dette blir sett saman til ein film. I påska vil det også bli slike filmar, seier Steinsland.

Legg ut talar kvar sundag

Mange følgde den første direkte sendinga til Filadelfia på Facebook sist sundag. Talane blir etter kvart lagt ut på Filadelfia si nettside, slik at ein kan høyra dei når ein vil. Via Facebook kan du også koma i direkte kontakt med talaren om du har spørsmål eller kommentarar.

På Filadelfia si nettside finn du både informasjon og aktivitetar.

Kvar sundag blir det også lagt ut på nettsida nye talar med VIP Minutes for borna. Desse blir først strømma på Facebook. Avslutningsgudstenesta for TenTro, Filadelfia si konfirmasjonsopplæring, er utsett til over sommaren.

Så lenge kyrkje og forsamlingshus blir haldne stengde på grunn av korona-epidemien, vil Filadelfia halda fram med å publisera nye talar eller samtalar om trusspørsmål kvar sundag. Etter kvart kan det bli snakk om andre innslag også. Ansvarlege for forkynninga på nett dei neste tre sundagane blir Oddvar Bauge, Åshild Bauge og Einar Vestvik.

Powered by Labrador CMS