nyhende
Gruppeleiar har trekt seg frå alle verv
Søndag ettermiddag meddelte ordførar Linn Therese Erve (Ap) at Ap-gruppeleiaren er under politietterforsking. Advokaten hans opplyser at klienten er sikta for seksuell omgang med barn mellom 14-16 år.
«Han har meddelt oss at han er under politietterforskning i ei straffesak. Han har, i samråd med meg, valgt å trekke seg frå alle sine verv, og meldt seg ut av partiet. Det tar me til etterretning. Spørsmål videre om saka må rettes til han og hans advokat.»
– Ut over det vil eg ikkje gje kommentarar sidan det er ei pågåande politietterforsking, seier Linn Therese Erve til Vestavind.
– Når blei det kjent at han er under etterforsking?
– Me hadde ein samtale i går, og han har ikkje lenger verv eller er medlem i Arbeiderpartiet, seier Erve.
Datingside
Vestavind har snakka med advokaten til gruppeleiaren. Han opplyser at gruppeleiaren er sikta for seksuell om gang med barn mellom 14-16 år.
– Min klient møtte fornærma på ei datingside med 18 års aldersgrense. Han la følgeleg til grunn at fornærma var over den seksuelle lavalder. Etter nokre få treff fann han ut at fornærma beklageligvis var under den seksuelle lavalder, og avslutta då forholdet umiddelbart, seier advokaten.
– Har lagt alle kort på bordet
– Har dette skjedd i samband med arbeid for Ap eller jobben hans som advokat?
– Nei, dette er heilt privat. Han erkjenner at han har feilberekna alderen på fornærma, og er klar over det strenge kravet til aktsemd strafferetten opererer med. Han har i avhøyr hos politiet også lagt alle kort på bordet, og er innstilt på å ta si straff. Han tar det fulle og heile ansvar for situasjonen som har oppstått, og er no først og fremst opptatt av å skåna fornærma for ytterlegare belastning. Han har vidare sagt frå seg alle politiske verv og sagt opp si stilling som advokat med umiddelbar verknad. Han er frykteleg lei seg for alle dei han har skuffa, seier advokaten.
Ein fornærma
Sør-Vest politidistrikt sendte seint søndag kveld ut ei pressemelding om saka. Der stadfestar dei at ein mann i 40-åra torsdag sist veke blei pågripen av politiet og sikta for seksuell omgang med ein mindreårig gutt.
– Han ble lauslaten dagen etter då det blei vurdert at det ikkje var nødvendig å varetektsfengsla han videre, seier politiadvokat Mads Eirik Lerum.
Det er éin fornærma person i saka. Politiadvokaten ønsker ikkje å kommentera saken ytterlegare.