nyhende
Grunneigarane jublar: — Me var veldig imponerte over formannskapet i kveld
Temaet «fylkseveg 541» kom på bana under formannskapsmøtet måndag kveld. Eit samrøystes vedtak om å utsetja saka og lytta til innbyggjarane gjorde at grunneigarane endeleg fekk kjensla av å segla i medvind.
— Dette var fantastisk. Me er lukkelege. Alt har gått imot oss fram til i dag. No var tonen frå kommunen ein heilt annan, no vil dei snakka med oss, seier ein positiv og nøgd Ole Andreas Våge til Vestavind.
Han er ein av grunneigarane i området mellom Krossleite og Grimstveit.
Gunnar Osmundsen, som òg er grunneigar i gjeldande område, er samd med Våge i at vedtaket til formannskapet var eit gledeleg nyhende.
— Me har stonga hovudet i veggen heile tida, det er ingen som har høyrt oss, men i kveld kjende eg at politikarane ville gå i dialog med oss. Dei vil no jobba for ein best mogleg veg, samstundes som dei ynskjer å gå innbyggjarane i møte, seier Osmundsen.
Samrøystes vedtak
Politikarane på formannskapsmøtet var alle samde om å taka ei avgjerd som kjem til å gagna både grunneigarane og kommunen.
Både Ap, Krf, FrP, Høgre og Sp vedtok samrøystes å utsetja saka i vente på at rådmannen innhentar naudsynte opplysningar om følgjande:
- Rådmannen får i oppdrag å sjekka kva traséval som gjev minst mogleg potensial for rettsleg konflikt med grunneigarane.
- Avklaringar med grunneigarane skal vera juridisk bindande. Om ikkje dette lèt seg gjera, kjem dagens traséval opp til ny godkjenning i kommunestyret.
- Noverande fylkesveg vert fylkeskommunal sykkel- og gangstig.
- Formannskapet skal haldast kontinuerleg orientert.
Formannskapet røysta med andre ord imot tilrådinga frå HTN (hovudutvalet for teknisk og næring) om trasé.
— Imponert over formannskapet
Våge er positivt overraska over vedtaket.
— I dag var situasjonen ein heilt annan enn det han har vore tidlegare. Eg var imponert over formannskapet og resonnementa til politikarane, seier han.
Trass i at bygging av ny veg aldri vil kunna gjera grunneigarane 100 prosent nøgde, er både Osmundsen og Våge nokså tilfredse:
— Ingen vert fullstendig nøgde, men no er me i det minste mindre misnøgde. Me kan leva med litt misnøye, men ikkje så mykje som me har måtta leva med hittil, seier Osmundsen.
Begge fortel at saka har vore oppe til diskusjon i heile 16 år, og at kveldens vedtak difor er verdt å feira med noko godt i glaset.