nyhende

Geitrams. Heile planta kan etast. Også kalla «tysk kål». FOTO: PAUL KLEIVEN / NTB / NPK
Geitrams. Heile planta kan etast. Også kalla «tysk kål».

Grønt, godt og gratis

Snart bognar det rundt oss. Dette er noko av alt det grøne du enkelt kan sanke sjølv.

Publisert Sist oppdatert

Fjæresaulauk

Lange stilkar med frø, omkransa av lange blad. Blada er fjæresaulauk.

Bruk: Smakar som koriander, og blir brukt opphakka som krydder i salat, på fisk eller i gryter og sausar.

Fjæresaulauk.

Rogn

Tre til ti meter høgt tre med finna blad, kvite blomar og oransjeraude bær.

Bruk: Ferske bladknoppar kan ein sylte og nytte ved sida av spekemat. Blada smaker litt som marsipan og bitre mandlar, men bør ikkje etast i store mengder. Bæra kan brukast til rognebærgelé (godt til viltkjøt eller ost) og chutney, saft, syltetøy, vin, likør og sprit. Ein kan også tørke bæra og bruke dei i frukostblanding.

Rogn.

Strandkarse

Mellom 30 til 80 cm høg, med mange små og kvite blomar.

Bruk: Heile planta kan etast. Blada smakar ei blanding av sennep og peparrot. Kan forvellast, eller nyttast rå i salat.

Strandkarse.

Gauksyre

Tre hjarteforma blad og raud stilk.

Bruk: Heile planta kan etast rå. God i salat og set fin smak på fisk, supper og potet. Kan forvellast for ein mildare smak.

Gauksyre.

Russekål

Lange stilkar med gule blomar.

Bruk: Heile planta kan etast. Knoppane smakar brokkoli, unge blad har mild kålsmak og passar i salat. Blomen smakar kål og er fin som garnityr.

Russekål.

Skjørbuksurt

Opptil 30 cm høg, med hjarteforma blad som dannar ein rosett. Kvite blomar i tette klasar.

Bruk: Heile planta kan etast rå. Skota er milde og kan nyttast i osterettar, urtesmør og som garnityr. Blada har skarp, sennepsaktig lukt og passar i salat i små mengder. Blomen har mild smak av karse og er fin som garnityr.

Skjørbuksurt.

Granskot

Plukk den lys grøne tuppen på greina om våren, før dei faldar seg ut.

Bruk: Syrleg og frisk smak som gjer seg godt kokt til saft, sirup og i salatdressingar.

Gran.

Ramslauk

20–40 cm høg. Breie, liljekonvalliknande blad og kvite blomar. Sjølve lauken er kvit, lang og smal.

Bruk: Rå eller kokt, i gryterettar, sausar og suppe, på same vis som kvitlauk, graslauk eller purre. Blada kan nyttast som spinat og til pesto, og i salat. Til liks med blomen, er dei også fine som garnityr. NB: Blada på ramslauk liknar liljekonvallblad, som er svært giftig.

Ramslauk.

Løvetann

Lang, grov rot med bladrosett og gul blomsterkorg på toppen.

Bruk: Unge blad kan minne om ruccola og er gode i salat. Knoppane kan ristast som snacks, medan blomane kan brukast til vinlegging. I krisetider har røtene vore nytta som erstatning for kaffi.

Løvetann.

Geitrams

50 til 200 cm høge stenglar med lansettforma blad og rosa blomar langsmed heile stengelen.

Bruk: Nye skot (max 20 cm høge) kan kokast og nyttast som asparges etter at bladrosetten er fjerna. Unge blad kan også nyttast i salat.

Geitrams.

Skvallerkål

30–100 cm høg med taggete blad og kvite blomar.

Bruk: Heile planta kan etast. Også kalla «tysk kål». Kokte, unge blad kan erstatte spinat og er gode i supper, stuingar og gryter. Dei blir også nytta rå i salat, puré og pesto. Blomane kan det lagast saft av.

Skvallerkål.

Mjødurt

50 til 150 cm høg med store, finnete grunnblad og treflika småblad, og små, kremkvite blomar i ein stor og flat topp.

Bruk: Unge blad og blomar kan etast. Blada smakar som ei mild blanding av honning, sitron, mandel og vanilje. Dei er gode i salat, oljer og eddik. Kan også brukast i kompott, gelé og syltetøy og har vore mykje nytta i øl og vin. Den kvite blomen kan tørkast og knusast og brukast som vaniljepulver.

Mjødurt.

Kjelder: Artsdatabanken, Nibio, Store Norske Leksikon og Wikipedia.

Powered by Labrador CMS