nyhende

Grilla pølser i Sveio sentrum

Vikse sin 4H-klubb slo opp telt i Sveio sentrum laurdag. Saman med eit vaffeljern og ei bålpanne sto dei klare for å auka merksemd rundt 4H si verksemd.

Publisert Sist oppdatert

— Vil du ha ein pølse, spør 4H-klubbrådgjevar og ordførar Linn Therese Erve (Ap).

På laurdag føremiddag stod ho ikkje langt unna der ho i vekedagane jobbar.

Saman med Hans Ole Emberland, leiar i Spretten 4H og Anne Ness Emberland, klubbrådgjevar i Spretten, vart det delt ut pølser og vaffel til svoltne og nyfikne sveibuar.

Gåve frå nord

— Bålpanna er heilt ny. Me fekk den nyleg av fylkesorganisasjonen, seier Anne Emberland.

Den var ei gåve frå høgare opp i organisasjonen til 4H. Ein representant frå Hordaland 4H var også til stades laurdag. Ho kom heilt frå ei lita øy nord for Bergen.

— Eg bur på Flatøy, og det var ein kjekk tur sørover, seier Turid Sanstad Herland, organisasjonsrådgjevar i Hordaland 4H.

Bakgrunnen for gåva er todelt forklarar ho.

— Me ynskjer at dei lokale klubbane skal verta meir synlege, noko som til dømes vert enklare med litt grilling i sentrum, seier Herland.

Den andre grunnen er fleire år gamal som dei dessverre framleis kan merka ringverknadane etter.

— Me mista mange medlemmar under pandemien, slik som dei fleste andre, seier ho.

Fridom til å læra

Herland meiner noko av det fine med 4H er kor annleis kvar klubb kan vera frå kvarandre.
Målet er å utvikla aktiv og samfunnsengasjert ungdom, men vegen dit kan variera.

— Dei har mykje fridom til å velja innhald sjølv, seier ho.

Spretten 4H overnatta kvelden før på Vikse skule, noko ein av klubbrådgjevarane kan fortelja at barna synest var kjekt.

— Då var det fram med soveposen. Dei kosa seg mykje, seier Erve.

Noko som alle 4H-klubbar har til felles er prinsippet om at barn skal læra ved å gjera.
Difor er praktiske aktivitetar og samarbeid ting som dei er opptekne av å inkludera i samlingar.

— Eg likar også at me blandar barn både på tvers av alder og kjønn. Då får gutar og jenter leika og læra saman, og dei eldre lærer tålmod til dei yngre, seier Emberland.

Spretten på Vikse er ein av tre 4H klubbar i Sveio, kor også Lid og Valevåg har kvar sine.

Powered by Labrador CMS