nyhende

Det vil bøtte ned fleire stader i Noreg den kommande veka. Foto: Vidar Ruud / NTB / NPK
Det vil bøtte ned fleire stader i Noreg den kommande veka.

Gråvêr i vente frå nord til sør

Den siste veka i juli vil bli grå i det meste av landet. Vestlandet får i tillegg kraftig vind dei kommande dagane.

Publisert Sist oppdatert
– Det ser ut som måndagen vil starte ganske grått for store delar av landet. Det vil òg vere ein del vind på kysten i vest med liten kuling, og kanskje enkelte plassar oppimot stiv kuling, seier statsmeteorolog Elin Tronvoll ved Meteorologisk institutt til NTB.

I starten av veka blir det ein del nedbør for dei fleste, og særleg på kysten av Trøndelag, Møre og Romsdal og kanskje i Nordland. Måndag er det meldt 17 millimeter regn i Oslo.

Temperaturane vil liggje på rundt 20 grader i aust og fem grader kjøligare i vest og nord.

Skogbrannfaren blir mindre

På grunn av regnvêret, så forsvinn det gule skogbrannvarselet på Austlandet frå tysdagen av.

– Så vil det vise seg i ettertid kor lenge effekten av regnet vil vare, seier Tronvoll.

Ruskevêret kjem av eit lågtrykk av utanfor vestlandskysten, og dette lågtrykket vil krype nordover gjennom veka.

– Onsdag flyttar det seg litt lenger nord. Trøndelag og nordover får nordaustleg vind og regn. Det kan framleis vere litt vind på kysten, særleg i Rogaland og Agder.

Eit lite høgtrykksvindauge mot helga

Torsdag ligg det an til regnbyer på kysten frå Møre og Romsdal og nordover.

Mot helga forsvinn lågtrykket nord for Noreg, og i ei lita stund er det høgtrykk som dominerer. Det blir likevel kortvarig.

– Det er eit nytt lågtrykk som ligg og lurer på laurdag igjen. Allereie laurdag ettermiddag får vi nok ei ny runde med regn på aust- og vestlandet og søndag lenger nord. Men Troms og Finnmark ser ut til å sleppe unna, og det kan bli ei fin helg der, seier meteorologen.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS