nyhende

For å hindre alvorleg sjukdom hos spedbarn, har regjeringa føreslått finansiering av gratis kikhostevaksine for alle gravide.
For å hindre alvorleg sjukdom hos spedbarn, har regjeringa føreslått finansiering av gratis kikhostevaksine for alle gravide.

Gravide kan få gratis kikhostevaksine

Kikhoste i svangerskapet kan føre til alvorleg sjukdom hos spedbarn. No har regjeringa forslått finansiering over statsbudsjettet til kikhostevaksinasjon av gravide.

Publisert Sist oppdatert

Det opplyser Folkehelseinstituttet (FHI ) i ei pressemelding.

Tidlegare i år sende FHI tilråding om finansiering av kikhostevaksine for gravide. Den siste tida har nemleg tilfella av sjukdommen gått opp etter ei nedgangsperiode under koronapandemien. No er det frykta kikhosteutbrot i Noreg slik ein nyleg har sett i Danmark.

– Sjølv om vi har ei høg vaksinasjonsdekning blant barn, er det ikkje nok til å hindre smittespreiing. Små spedbarn er mest utsett for alvorleg sjukdom, og vaksinasjon av gravide er den beste måten å verne dei på fram til dei sjølv kan vaksinerast, seier overlege Margrethe Greve-Isdahl ved Folkehelseinstituttet.

Kommunane skal etter dette forslaget tilby vaksine som ein del av barnevaksinasjonsprogrammet. Tilbodet skal vere gratis, og det er naturleg at den gravide får informasjon om tilbodet på ein av dei faste svangerskapskontrollane hos anten jordmor eller lege.

Powered by Labrador CMS