nyhende

– Vaksinasjon er det aller viktigaste verkemiddelet gravide kvinner har for å verne seg mot alvorleg sjukdom ved koronasmitte, og samstundes verne fosteret eller det nyfødde barnet, seier lege Fredrik Skår ved Folkehelseinstituttet. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
– Vaksinasjon er det aller viktigaste verkemiddelet gravide kvinner har for å verne seg mot alvorleg sjukdom ved koronasmitte, og samstundes verne fosteret eller det nyfødde barnet, seier lege Fredrik Skår ved Folkehelseinstituttet.

Gravide blir prioriterte for oppfriskingsdose

Publisert Sist oppdatert

NTB-NPK: Gravide kvinner skal no prioriterast for oppfriskingsdose når det har gått minst 4,5 månader etter andre dose med koronavaksine.

– Vaksinasjon er det aller viktigaste verkemiddelet gravide kvinner har for å verne seg mot alvorleg sjukdom ved koronasmitte, og samtidig verne fosteret eller det nyfødde barnet, seier lege Fredrik Skår ved Folkehelseinstituttet i ei pressemelding.

FHI tilrår alle gravide, partnaren deira og andre nære å vaksinere seg i svangerskapet. Dette gjeld òg tilbodet om oppfriskingsdose.

Førebelse tal viser at det under pandemien er meld inn rundt 350 gravide som har hatt koronasjukdom under svangerskapet eller ved fødselen.

Blant 183 gravide som testa positivt i 2021, vart 141 innlagde for fødsel eller annan behandling knytt til svangerskapet, og 43 vart innlagde på grunn av covid-19, eller behandla for covid-19 under opphaldet.

Ingen i den siste gruppa var fullvaksinerte.

Graviditet er allereie rekna som ein risikofaktor for alvorleg sjukdom av covid-19, og gravide blir no formelt inkluderte som risikogruppe for alvorleg forløp.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS