nyhende
Gravemaskin forstyrra nattero
Frå søndag morgon til seint på kveld vart naboar forstyrra av ei jobbande gravemaskin.
— Det var ei gravemaskin som sto og dura, seier Gunnar Sande, vaktsjef ved Haugesund politistasjon.
Søndag vart ikkje ein kviledag for føraren av gravemaskina, som ifølgje naboane jobba frå morgon til seint på kveld.
Klokka 23.25 fekk politiet ein telefon frå fortvila naboar. Då ringte politiet vidare til det ansvarlege firmaet, som lova å ordna opp i saka.
— Dei som meldte det inn var vel redde for at arbeidet skulle halda på heile natta, seier Sande.
Annonse
Årsaka til kvifor det vart ein høglydt søndag i nærleiken av Våganeset er ikkje kjent.
— Det er uvisst kva som eigentleg har skjedd og kvifor, seier Sande.